Kilde
GLYTT AV GODTFOLK
Einar Ullestad
Klikk her for å lese "Føreordet"
Rune Forlag, Trondheim 1971
Prenta av Nidaros Trykkeri
ISBN 82-523-0028-6

BARNEDÅP I EKSINGEDALEN

FOR OVER 100 ÅR SIDAN

For vel 100 år sidan hadde dei berre ei kyrkje i Eksingedalen. Det var kyrkja på Nesheim i øvste luten av dalen.

Den gongen høyrde kyrkjesokna i Eksingedalen til Hosanger. Presten der hadde eit vidstrakt embete.

I kyrkja på Nesheim var det berre kyrkjelege handlingar ein gong om året, kring jonsoktider.

Det var rimeleg at det vart ein travel sundag for presten denne dagen.
Etter preika var det barnedåp, og seinare på dagen brurevigsler.

Eit ektepar der i dalen fekk årvisst barn. Ja, det gjekk mindre enn
året mellom kvart. Dei hadde møtt fram til barnedåp i mange år.

Ein gong tykte presten at dei hadde eit uvanleg stort og fint barn til
dåpen, og gjorde foreldra merksame på det. Han Knut som var far til
barnet og bar det fram, sa då:

– Me mao ha tekje gale badn denna gonjæ — da æ visst onjen frao ifjor.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *