Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 120
Norsk Folkeminnelag
I kommisjon hjå H.Aschehoug & Co. (W. Nygaard) a/s
Oslo 1978

Jens Haukdal
FRAMFOR STENA
Folkeminne
Frå Gauldalsbygdene II
Med spesialtillatelse fra slektninger

Barneklede i fjøsskorsteinen

På Sundet i Røros var det vanleg med skorstein i fjøsa frå gammalt. Var det for hard kalde fyra dei herre opp i skorsteinen og det vart lunare inne. Dei baka flatbrød og koka gomme og anna ost i fjøset. Det var mykje lunare for kona å sitja der enn i eit trekkfullt eldhus.

Tidleg ein morgon i 1880-åra skulle ei kone bort i fjøset og ordna seg til å koka gomme. Det var like føre jul, snø og bitande kaldt. Kyrne syta mot henne med det same ho kom i døra. Geiter og sauer helsa også.

Ho snakka til dyra, strauk og klappa dei som sto nærast og gjekk bort til skorsteinen.

Og der på steinhella låg ein haug barnklede. Det såg ut som ei kone nyleg hadde vaska og stellt ein liten unge. Stor kunne han ikkje vera for det låg klutar og linne ved sida.

Kven i all verda hadde vore her?

På garden var det ingen unge så liten. Rekande fant hadde ikkje vore ute siste dagane, men ein kunne no aldri vita slik føre jula. Nokon kunne natta over i fjøset utan lov.

Ho gjekk inn og tala om det ho hadde sett.

Ingen av dei andre hadde vore i fjøset. Og ingen hadde gje lov til nokon å natta over.

Kona gjekk bort i fjøset att til arbejdet, men da ho kom dit var barnkleda søkkt borte.

–    ”Døm hadde fil vørre der og raska med si sitt.”

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *