Internt referansenummer:B-000017
Kilde:
BONDELIV – SAMRØDOR OG SONG ETTER RANGDI MOEN
GAMAL VALDRES-KULTUR II
Av: Knut Hermundstad
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 45
1940
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å se bilde av Ragndi Moen
Klikk her for å lese om ”Forfattarens fyrste møte med Ragndi Nilsdotter Moen.”

Barneleikar


Ungane fekk i kveldsetone ikkje springe etter vegane eller på bygdi i gamal tid slik som ofte er tefelle no. I kveldsetone laut dei mest hjelpe far og mor med ymse arbeid. Stundom høyrde dei på eventyr og sogor. Av og til leikte dei. Då var ofte dei vaksne òg med. Eg hugsar visst berre eit par-tre av desse leikane no.

Fri på narring

Ungane sette seg i ein ring. Ein vart teken ut til friar og ein til førar for leiken. Friaren gjekk ut. Føraren tok no ut ein kjærast åt han millom dei som var med i leiken. Når det var gjort, vart friaren ropt inn. No skulde han freista ta ut kjaærasten sin og gå stad bukke for han. Råkte han ikkje den rette, snudde alle enden til han. So laut han pante noko og balle seg på dør att. So vart det teke ut ein ny kjærast åt han. Og det same tok seg uppatt. Når friaren teslutt fann den rette, flidde kjærasten honom handi si. No vart det kjarasten som var friar.

Soleis heldt dei på te det var samla ein dunge med pantar, som vart løyste på same måten som når dei «Selde strie». Denne leiken kunde dei og gjera utan panting.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *