Internt referansenummer:B-000017
Kilde:
BONDELIV – SAMRØDOR OG SONG ETTER RANGDI MOEN
GAMAL VALDRES-KULTUR II
Av: Knut Hermundstad
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 45
1940
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å se bilde av Ragndi Moen
Klikk her for å lese om ”Forfattarens fyrste møte med Ragndi Nilsdotter Moen.”

Barneleikar


Ungane fekk i kveldsetone ikkje springe etter vegane eller på bygdi i gamal tid slik som ofte er tefelle no. I kveldsetone laut dei mest hjelpe far og mor med ymse arbeid. Stundom høyrde dei på eventyr og sogor. Av og til leikte dei. Då var ofte dei vaksne òg med. Eg hugsar visst berre eit par-tre av desse leikane no.

Gøyme stein

Når ungane gjorde denne leiken, sat dei rundt huset kvar det fall. Den som skulde «finne steinen», vart send ut. Dei som var inne, gøymde då ein stein. So vart han som ute var, ropt inn. Det bar då te å leite med han. Ungane sa stadig i kor:

«Gjøyme stein, gjøyme vel. Gjøym 'n endå bere her!»

Når han som skulde finne, gjekk burt frå steinen, vart alle so seige og veike i målet, men di nærare han kom steinen, di kjappare og høgre vart ordi sagde.

Når steinen var funnen, sa han som leitte, te ein ny leitar.

Det galdt å finne steinen snøggast. Mykje spaning og moro kunde det bli, når leitaren var like innpå steinen og endå bala svært med å finne han.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *