Internt referansenummer:B-000017
Kilde:
BONDELIV – SAMRØDOR OG SONG ETTER RANGDI MOEN
GAMAL VALDRES-KULTUR II
Av: Knut Hermundstad
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 45
1940
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å se bilde av Ragndi Moen
Klikk her for å lese om ”Forfattarens fyrste møte med Ragndi Nilsdotter Moen.”

Barneleikar


Ungane fekk i kveldsetone ikkje springe etter vegane eller på bygdi i gamal tid slik som ofte er tefelle no. I kveldsetone laut dei mest hjelpe far og mor med ymse arbeid. Stundom høyrde dei på eventyr og sogor. Av og til leikte dei. Då var ofte dei vaksne òg med. Eg hugsar visst berre eit par-tre av desse leikane no.

Selja strie

Ungane sette seg i ein krins. Ein vart teken ut til å selja strie. Han spurde den fyrste:

”Ska du kjøpe strie tå me?”
”Ja!” vart det svara.
”Ko mykje ska du ha?”
”Fem elni!” (t. d.)

Seljaren gjorde slike tempor som ein kræmar når han maler av fem alver og gjev frå seg. So tok han til ords:

”Når e kjem att o ska ha betalinge mi, ska du sita helvt sure o ille o korkji læji enn gråte, men seia…”

So lutte han seg ned og kviskra eit morosamt ord til han t. d. eit gutenamn til ei gjente og eit gjentenamn til ein gut. Ein kunde og kviskre t. d.

”Fem elni.”

Soleis gjekk han rundt til alle som var med i leiken. Kvar får sitt å seia. So tok han til med den fyrste att og sa:

”E kjem att ette betalingen.”

Kjøparen laut då svara berre det han skulde. Seljaren vrei og vrengde og freista måte ordi sine so te at svaret til kjøparen vart so morosamt at denne laut le eller mistala seg. Då laut han pante: Gje frå seg noko han åtte. Soleis for no seljaren rundt til alle. Han gav seg sjeldan før alle laut pante.

No skulde kvar løyse panten sin. Seljaren tok ein pant i kvar hand og heldi dei bak seg so ingen såg kven som åtte dei. So spurde han ein i senn av ungane etter tur:

”Ko ska den gjera som eig den pant'n som e har i høgre hånden no?”

Ungen dømde no han eller ho te å gjera noko som pantgren ikkje hadde hug te, og som hine fekk le dugeleg åt: T. d. dra fem timberstokkar or veggen d. v. s. skrubbe skallen sin nedetter fem veggumfar so alle høyrde det, syngja eit vers, ta ein om halsen. Når alle hadde gjort like for pantet, var leiken slutt.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *