Internt referansenummer: 01.10.2011 – BOK
Kilde:
DAGAR OG ÅR – SEGNER FRÅ SALTEN
Ragnvald Mo
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER NR. 37
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG) 1936
Klikk her for å lese ”fyreordet”.

 

Barnereiven

 

Ja, dei underjordiske kunde vera bra forhærd å gjera kjelter medkvart. Men um dei marka at ein vilde dei vel, so kunde ein få godt att på ymse vis. Elles kunde ein i mangt eit høvan gjera dei ei beine utan so ein sjølv visste av det. Det var tilfellet med ei terne på ein gard i Fauske. Ja, det var i ein fjøs der dei hadde underjordiske. Og ein morgon terna kom ditett, vart ho vis ein klut, som låg på tilet under frauglugga. Ho trudde det var ei lørve som var slengd dit, og var fyrstpå meint å driva den på dungen i lag med frauen. Men so tok ho rett på den og hengde den på ein knagg.

Morgonen etter, alt med ho sat og drog or kyrne, fekk ho eit framandt kvinnfolk i fjøsen; ho kom leiande med ei stor, pen ku.

«Dainne ska du ha før du berga banreiven min,» sa ho.

Vekja vart sitjande som ein annan heie, og innan ho kom seg til noko, var den andre burte. Men kua stod baker på tilet, og ho kom til å bli på garden. Det var ei overlag gild ku, og dei hadde henne til ho var utleva.

Bestemor hennar Helena ved Tverelvbrua fekk ein sau åt dei underjordiske. Ho besta tala um dette so mang ein gong; ho skulde i sjågen og tå høy på morgonen. Men då ho hadde upp døra, var det ein sauskokk der; dei stod rundt stabben og knaspa i seg. Ho besta forstod med eitt kven som var eigar for desse; og so let ho sauene vera. Dei få no berre stand, tenkte ho; so hadde ho i døra og gjekk inn.

Men ei økt deretter for ho baker. Då var det berre eitt eins¬leg kretur att i sjågen; det var ein stor, grå sau; og denne slo seg no til hos henne (Saltdal).

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *