Internt referansenummer:B-000020
Kilde:
GAMLETIDI TALER
GAMAL VALDRES-KULTUR I
Av: Knut Hermundstad
NORSK FOLKEMINNELAG
OSLO 1936
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese om, og se bilde av Anne Torsteinsdotter Hermundstad

Barnestell

Anne Torsteinsdotter Hermundstad fortel


«Ungane laut dei og vera vare med,» skyt eg inn, då samtalen vilde stane. «Dei vigsla dei og krossa over dei, og kanskje det var meir dei gjorde med dei òg?»

Ja, det skal vera visst! Barneklædi måtte ikkje hanga ute etter det var avdaga. Då skulde det ikkje bli godt med ungane. Dei skulde bli både grinute og sjuke av å ha på seg slike klæde.

Ungane måtte ikkje takast ut og over rennande vatn, for del hadde røykt um dei.

Mori skulde ogso stikke eit bokeblad som det stod eit Guds ord på, innum linden åt ungen. Det skulde vera te vern mot vonde makter.

I vaskevatnet åt ungen skulde dei ha noko salt, so skulde han ikkje bli sår.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *