Internt referansenummer:B-000021
Kilde:
ATTERLJOM
Folkeminne frå smådalane kring Lindesnes
Av: Tore Bergstøl
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 82
OSLO 1959
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å se liste over forteljarar som har bidratt til boka Atterljom

Barselkoner og barn

Når eit barn var sjukleg…


Når eit barn var sjukleg og ikkje treivst, så hadde det omve. Då blei det søkt av døde skyldfolk eller underjordsfolk. Mor til barnet måtte då i solsettinga gå på ein kornåker og finna tri steinar. Ho måtte ta dei med vinstro handa og ha ein ullvott på seg. Steinan måtte ho då hita opp til dei var gløande og så kvelva ei gryta over. I solrenninga morgonen etter måtte ho ta av gryta og fylla henne med vann. Ein for ein av steinane skulle ho då sleppa ned i vannet. Den første steinen skulle vera for grava, den andre for haugen og den tredje for sjøen. Den steinen som det pipla i, den varsla om kven det var som søkte barnet. Var det den for grav, så måtte foreldra ta barnet og gå tri gonger rundt ei grav med det. Var det i den for haug, så måtte dei gå tri gonger rundt ein haug med det og var det i den for sjø, så måtte dei ro tri gonger rundt ein holme eller eit skjær med det.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *