Kilde:
FOLKEMINNE FRÅ YTRE SENJA
Arthur Brox
Illustrert av Karl Erik Harr
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 117
UNIVERSITETSFORLAGET 1976
ISBN 82-00-27130-7

Barselnød

Han Håver Larsa og ho Torbjørg var kommen frå Hardanger og hadde sett bu inne i Straumen i Berg. Der rydde dei seg ein jordlapp og var der i noen år. Sidan kjøpte dei garden Vikan i Torsken og flytta dit. I tradisjonen heiter det at det var bjørneplage og finnegand som dreiv dei frå Straumen.

I Vikan hadde dei ingen naboar dei første åra, og det var ikkje så lett å klare seg der. Men både han Håver og ho Torbjørg var sterke og arbeidsame og kom snart ut av armoda.

Så var det eit år utpå haustparten. Ho Torbjørg gjekk med barn og venta seg kva dag som helst. Han Håver hadde vedfarm inne og låg på tur til Holmen for å selje veden, men torde ikkje fare frå kjerringa, slik det no stod til med henne.

Ein morra var det utfallgråe og godt ver, og ho Torbjørg sa då til han Håver at han kunne berre fare, for ho var trygg den dagen. Men han Håver var ikkje kommen lenger enn ned til Blåskjellneset då ho Torbjørg kjente ho blei barselklein. Det var ikkje folk på Finnes den gongen, og ho visste ikkje anna råd enn å sende den seks år gamle dottera, ho Ingeborg, innover til Hamnan på andre sida av Sifjorden og rope etter hjelp.

NB! Bildet er kun et illustrasjonsbilde og er tatt av Anders Beer Wilse.

«Du skal springe attmed fjæra heile vegen til du ser hus på andre sida, og då skal du rope over fjorden alt du vinn at ho mor er barselklein og treng hjelp». Jentungen la i veg. Ho smått rente og smått gråt til ho kom til Stølen innafor Finnes. Der traff ho ein gammal mann som var over og henta ved, og ho sa just det ho var pålagt å seie. Mannen tok henne i båten og rodde over til Eidet, henta ei «krafskjerring» (hjelpekone) som budde i Veimannen og f6r så til Vikan med henne.

Då han Håver kom heim frå Holmen om kvelden, låg barnet velstelt i vogga.

Ho Ingeborg glømte aldri den gongen ho henta hjelp til mora, og ho fortalde ofte om det til barnebarna sine.
(Hilma Tøgersen)


I de tilfeller at det ikke er noen stedsangivelse i historiene, legger jeg ut historiene i alle kommunene som dekker Senja, det vil si: Berg, Torsken, Tranøy og Lenvik.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *