Internt referansenummer:B-000020
Kilde:
GAMLETIDI TALER
GAMAL VALDRES-KULTUR I
Av: Knut Hermundstad
NORSK FOLKEMINNELAG
OSLO 1936
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese om, og se bilde av Anne Torsteinsdotter Hermundstad

Basen fekk skrive tå seg tannverken

Anne Torsteinsdotter Hermundstad fortel


Han Knut ved Støga eller Bas'n som dei kalla han, fekk ein gong skrive tå seg tannverken med han var ung. Det var ein som heitte Svein i Ur'n som råkte te vera ved Støga. Han tok seg på å skrive tannverken tå Base.

Han Svein skreiv då noko på eit papir, og te slutt tok han det og gjekk upp i Skavlegjile. Der braut han tesides ein kvist på ei bjørk og stappa papiret inn i riva som vart millo kvisten og bjørkeleggen. So hatt han kvisten godt te att. No skulde tannverken vera burte te bjørki rotna.

Då Bas'n vart gamal, fekk han att tannverken. Han gjekk då upp i Skavlegjile og såg etter korleis det var med bjørki som tannverken var sett på. Og då var rett nok bjørki rotna.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *