Kilde:
FOLKEMINNE FRÅ YTRE SENJA
Arthur Brox
Illustrert av Karl Erik Harr
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 117
UNIVERSITETSFORLAGET 1976
ISBN 82-00-27130-7

Båtparten

I 1880-1890-åra og utover etter 1900 var båtparten (båtlotten) for ein firroring 100 onglar line i setninga, eller eit garn i lenka dersom det var garndrift. Båtgarnet (båtlina) skulle stå midt i setninga, ikkje ute på enden. Somme stader i Ytre Senja hadde dei den skikken at dersom båteigaren ein dag fekk så pass som tjue fisk på båtgarnet eller båtlina, skulle han spandere «båtgraut» (risengrynsgraut) på heile båtlaget.   
(Reiert Rikardsen )

Då dei første listerskøytene kom i bruk i 1890-åra, steig båtlotten etterkvart til ein manns part for båten. Når ein la dekk i listerskøyta, kunne ein ta halvannan til to manns part. Etter hundreårsskiftet gjekk ein over til dorydrift og kunne då ta to manns part for båten. Då motoren kom i bruk kring 1910, blei det vanleg å ta opptil tre lottar for skøyta, dersom ho drifta med tre doryar, ein lott for kvar dory.   
(Kasper Heitmann)

I de tilfeller at det ikke er noen stedsangivelse i historiene, legger jeg ut historiene i alle kommunene som dekker Senja, det vil si: Berg, Torsken, Tranøy og Lenvik.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *