Internt referansenummer: 09.02.2022 – BOK
Kilde:
Gamle Hallingdal
Hefte nr. 3 – 1985
Samlet inn av: Paul Breiehagen
Redaktør: Sigbjørn Tormodsgard
Hallingprent Forlag A.S
1985
https://www.hallingdolen.no/

 

Båtskyss

Alt tidleg på 1800 begynte hallingane å reise over til Vestlandet for å handle fe. Nordland vart det kalla i daglegtale, difor Nordmannsslepa.

Det var helst folk frå dei øvre bygdene, frå Hol, Ål og Hemsedal, som tok til med dette, og her har denne tradisjonen halde seg heilt til siste åra.

Handelskarane reiste ved nyttårsbel for å kjøpe fe. Så kom dei tilbake utpå vårparten for å samle feet og få det til fjells på meir heimlege trakter.

Før Bergensbanen kom, var det å klore seg opp bratte og smale stigar frå fjorden til fjellet. Det kunne til tider gå på livet laust både for folk og fe. Då dei først var komne opp, var det å ta tida til hjelp og hamne seg vidare.

Då Bergensbanen kom i 1909 vart mykje av feet drive opp Flåmsdalen til Myrdal og tatt på toget over fjellet. Det var ein stri tørn å jaga seg opp Flåmsdalen, men likevel betre enn stigane opp bratte bergsidene lenger ute i fjordane.

Dei som ville bruke tog over fjellet måtte ta feet på båt inn til Flåm. Dette biletet er frå ei avlasting i Flåm, av ei drift som Knut Søndrol i Hovet hadde like før krigen. Me ser ho «Raudsi» hange i lause lufta. Ein duk vart lagt under vomba på dyret, og denne festa til ein wire som over bommen vart handsveiva opp og ned og svinga på plass.

Ola K. Søndrol, son til Knut, fortel at dei som skulle sende dyr om våren vart bodsende og kom til brygga med krøttera. Helst brukte ein Fylkesbåtane, men også mindre private båtar. På ein slik båt kunne 30-40 kyr få plass.

Oppgjer for dyra skjedde ved levering, slik at handelskarane møtte opp med strie pengebøker.

Det vart aldri skrive noko, ein handelskar hadde slikt i hovudet. Han hugsa alle detaljar ved handelen og dyra, om det var 30-40 avtaler.

Komne fram til Flåm var det tid for mjølking. Der møtte det jamnt opp mange kvinner for å få seg eit mjølkespann. Særleg under krigen var dette populært, og det hende det var tilløp til litt småkrig kvinnene imellom, minnest Ola.

Kor mange dyr som vart kjøpt opp på denne måten er det ingen som veit, men det var mange. Det vart fleire tusen sauer og fleire hundre storfe i året.

H.d. 25. mai 1985

Dette biletet er frå ei avlasting i Flåm, av ei drift som Knut Søndrol i Hovet hadde like før krigen. Me ser ho «Raudsi» hange i lause lufta. Fotograf ukjent.

 

Mer informasjon om heftet «Gamle Hallingdal»

Serien «Gamle Hallingdal» går no i Hallingdølen på sjuande året.

Både i 1983 og i 1984 gav me ut ein del av bileta med forkorta tekst i bokform. Og her er me med tredje utgåva.

Det er journalist Paul Breiehagen som har hovudansvaret for «Gamle Hallingdal» både i avisa og denne boka. På dette stoffområdet er Paul Breiehagen utan tvil «rett mann på rett stad». Få kjenner bygdesoga for Hallingdal betre enn han, i tillegg har han hatt bygdebøkene å stø seg til og ein del av stoffet har han fått fram gjennom samtaler med kjentfolk (til dei ymse bileta).

Det er vår von at me med desse hefta er med og reddar verdifull informasjon for ettertida.

Ål 20. oktober 1985.
Sigbjørn Tormodsgard

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.