Kilde:
FOLKEMINNE FRÅ YTRE SENJA
Arthur Brox
Illustrert av Karl Erik Harr
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 117
UNIVERSITETSFORLAGET 1976
ISBN 82-00-27130-7

Båtvante kvinnfolk

Kvinnfolka i Ytre Senja var båtvante. Ofte låg garden slik til at dei måtte i båt for å komme til handelsmannen eller skolen. Og då mannfolka ofte var borte på fiske, var det kvinnene å lite på. Verst var det på dei gardane der havet stod på, som for eksempel i Barbogen. Der måtte kvinnene ikkje berre vere sjøvante, men også kunne ta løye når dei skulle av og på land.

På ein og annan buplassen var det slik at sommarfjøsane låg på andre sida av fjorden, og kvinnene måtte ro over og melke dyra morgon og kveld. Det hende også ofte at kvinnene måtte ut i havskjera og hente tare i vårknipa, og det kunne vere eit vanskeleg arbeid når det var sjødrag.

Ein har fleire fortellingar om kvinner som gjorde karsverk på sjøen. Ho Gjertrud i Ørja berga eingong han Anton Nilsa og båtlaget hans av kvelvet. Det var truleg sist i 1860-åra, og det gjekk slik for seg:

Dei kom frå Bjarkøya og var på veg nordover til Halvardsøya. Utfor Dova kom sydvesten på dei, og der kollsegla dei og rak nordover mot Ørja. Ho Gjertrud hørte rop frå havet og fekk auge på kvelvet. Så sprang ho ned til sjøen, sette ut båten og berga folket. Det fekk ho kongeleg belønning for.   
(Ester L. Sørensen)

Han Håver i Vikan heldt på å sette livet til på sjøen ein januardag i 1871. Han blei berga av kona si, ho Torbjørg. Saman med dottera fekk ho ut ein treroring som låg nedføken i snøskavlen og kom seg utover til kvelvet og fekk han inn i båten.
(Arthur Brox)

Ho Perolina på Lomsnes var ei framifrå kvinne på mange vis, og det er mange fortellingar om henne. Ho segla ofte til handelsmannen i Halvardsøya og sat sjøl med styrvollen, også når mannen var med. Dei hadde 11 søner som vaks opp til dugande fiskarar og høvedsmenn og blei kalt «Perolinsan» etter mora.   
(Arthur Brox)

I de tilfeller at det ikke er noen stedsangivelse i historiene, legger jeg ut historiene i alle kommunene som dekker Senja, det vil si: Berg, Torsken, Tranøy og Lenvik.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *