Kilde:
FOLKEMINNE FRÅ YTRE SENJA
Arthur Brox
Illustrert av Karl Erik Harr
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 117
UNIVERSITETSFORLAGET 1976
ISBN 82-00-27130-7

Bedehuslinja – misjonsgarnet

Det hende ikkje så sjeldan at ein sette eit garn eller ein stubb line
til inntekt for eit religiøst eller sosialt føremål. Midt i 1880-åra
tok ein til å samle inn pengar til eit bedehus i Holmenvær, og då blei
fiskarane i været enige om at fisken på 100 onglar i setninga skulle gå
til inntekt for huset. Det blei gjennomført så konsekvent at fiskarane
rekna seg som eigarar av bedehuset då det blei bygd kring 1890. Skikken
med «bedehuslina» var også praktisert i Medfjord då bedehuset der blei
bygd i slutten av 1880-åra.   
(Hjørdis Brox og Søren Einarsen)

I Bergsbotn var misjonsgarnet i bruk. Fisken på det garnet gjekk til misjonen, helst til sjømannsmisjonen.   
(Elna Storeng)

Kjerkegarnet var også i bruk i fleire vintrar då dei samla inn pengar til Stonglands-kjerka på Senja i 1890-åra.   
(Helge Stagnes)

Av sosiale føremål som blei tilgodesett på denne måten, må ein også
nemne redningssaka. I Medfjord blei eit garn eller ein bøyel line
serskilt merkt, og fisken på det bruket skulle gå til redningsskøyta.

I de tilfeller at det ikke er noen
stedsangivelse i historiene, legger jeg ut historiene i alle kommunene
som dekker Senja, det vil si: Berg, Torsken, Tranøy og Lenvik.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *