Kilde
GLYTT AV GODTFOLK
Einar Ullestad
Klikk her for å lese "Føreordet"
Rune Forlag, Trondheim 1971
Prenta av Nidaros Trykkeri
ISBN 82-523-0028-6

BEINVEGES FRA HIMMELEN

Peder Tobias Eiesland var sokneprest på Voss frå 1900 til 1918. Han var
avhalden og godt likt av mange. I kyrkja forkynte han Guds ord purt og
reint. Men han hadde sine eigne meininger om mange ting. Dette var det
ikkje alle som kunne godta.

På fisketorget var Eiesland ofte å sjå, han kjøpte tidt sjølv den
fisken han trong. Men fisken var alt for dyr, hevda han. — Det er for
mange mellommenn, me skulle fenge fisken direkte frå fiskaren. Då hadde
han vorte mykje billegare.

Fiskehandlar Stefringshaug vart arg på presten ein gong og tok til ords slik:

– Eg skal sei deg det, prest, at gudsordet og er dyrt i dag. Me skulle
fenge det beint frå himmelen, so hadde det vorte mykje billegare.

Då Eiesland slutta som prest på Voss, flytte han attende til heimbygda
si, Fjotland. Det var prestenaud den gongen, og Eiesland tok på seg å
styra det ledige preste-embetet der ei tid.

Brorson til Eiesland var den kjende stortingsmannen og
odelstingspresidenten Gunnulf Eiesland. Han kom til kyrkje ein nyårsdag
og ville høyra preika til farbroren. Stortingsmannen var noko seint ute
og kom inn i kyrkja samstundes som presten var komen på preikestolen.
Før han sette seg, ville han ta av seg frakken. Men så lydde brått
røysta til farbroren:

Ta på deg frakken, Gunnulf! Det er kaldt i kyrkja i dag. Hugs på at du
skal snart inn att på Stortinget. Og så heldt han fram med preika.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *