Kilde:
FOLKEMINNE FRÅ YTRE SENJA
Arthur Brox
Illustrert av Karl Erik Harr
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 117
UNIVERSITETSFORLAGET 1976
ISBN 82-00-27130-7

«Berg smørdallan'!»

Madam Johnsen på Skaland var enke etter klokkar Johnsen og hadde ord for å vere svært dyktig både på sjø og land. Ho segla eller rodde hent åleine over Bergsråsa til nikkelverket og selde smør og melk.

Ein dag seinhaustes velta ho seg i kastevinden på Storvika. Skautet bar fast, fortalde ho sjøl, så ho kunne ikkje få seglet ned tidsnok. Ho fekk tak i kvelvet, men så skulle ho berge ein smørdall som låg og flaut, og då heldt ho sjøl på å gå under.

To fiskarar hadde sett hendinga og sprengrodde til kvelvet for å berge madammen som heldt seg i styret og berre så vidt hadde hovedet oppe. Ho ropte og skreik heile tida:

«Berg smørdallan'! Berg smørdallan' først!»

Desse orda etter madam Johnsen blei sidan eit fast ordtak i Berg.
(O. B. Ingebrigtsen)


I de tilfeller at det ikke er noen stedsangivelse i historiene, legger jeg ut historiene i alle kommunene som dekker Senja, det vil si: Berg, Torsken, Tranøy og Lenvik.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *