Internt referansenummer:B-000011
Kilde
DANS OG SOGER TIL TUDDALSTONAR
Av: O. J. Rui
Utgjeve av Tuddal Spelemannslag ved 25 års-jubileet 1974.
Klikk her for å lese forordet

Bergit Tjønn f. 1914

(Mennesket og tonen)

Skrevet av Knut Buen

bilde_side_035.jpg
Fra venstre: Ingebj. Tjønn, Margit Buen med sonesonen Anders og Bergit Tjønn.

Bergit Tjønn er fødd i 1914 som den yngste av dei 9 borna til Margit og Hans Johnsen Tjønn. Bergit fortel at ho alt ifrå barnsbein kjennde seg tiltrokken av alt som hadde lete i seg. Og med så mange sysken som song og spela dei fleste var det alltid noko å høyre til kvar tid. Dessutan var det felemakar-verkstad i heimen og soleis vanka det stadig spelemennar innom for å prøve feler. Svein Løndal og Hølje Landsverk hugsar Bergit spesiellt ifrå denne tida. Likeins Olav Heggland ifrå Setesdal. Og så Høye Kvåle, Seljordspelemannen av Håvar-ætt. Bergit fortel at ho stal seg inn på felemakar-verkstaden og prøva felene da ho var jentonge. Når ho blei eldre fekk ho no spela alt ho ville på felene.

Bergit minnes at då ho var bitte lita tok Svein Løndal henne på fanget og spela «Bjølleslåtten» og «Myllargutens bruremarsj» for ho. Han hadde slik lag med ungar, Svein.

I den tid som spelemennene i bygda møttes til speløvingar lærde Bergit fleire slåttar. Ellers har ho lært ganske mykje av Seljord-spelemenn som Einar Høydal, Eivind Moe og Torkjell Haugerud. Bergit dreiv ei stund som brakke-kokke, og i den tida tok ho til å komponera slåttar og. Ho har til no laga rundt 10 nye slåttar, tre av dei nytta ho i folkemusikk-halvtimen i radio.

Bergit har eit roleg og fint spel. På kappleikar har ho som regel hatt fyrstepremiar og ofte stade fremst på lista. På Myllar-kappleiken på Rauland i 1962 blei Bergit nr. 2 i kl. A. Men som mange andre spelemenn har ikkje Bergit så gode nerver til å spela offentleg. Ho vil helst spela i mindre lag og aller helst aleine. Det er tilfelle med ein som Olav Løndal og.

– «Eg likar ikkje at bikkja e' inne eingong når eg spølå» sa Olav ein gong.

Bergit har halde tuddals-spelet i akt og ære og er ein fin representant for denne tradisjonen. Av slåttane ho har laga nevnast: «Fjell-ljom», «Hans Johnsen» (bygd over eit lite slåttemotiv som bli kalla Sausaren), «Reisaren», «Julekveld i gamle-stugo», «Tjønnheimen» og «Vandringsmannen».

Forutan å ha lært mykje av Londals-spelet har og Bergit teke vare på fleire slåtteformer etter Hølje Landsverk. Nevnast bør og at Bergit er glad i slåttane etter Jon Kjos og nyttar ofte dei.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *