Kilde
GLYTT AV GODTFOLK
Einar Ullestad
Klikk her for å lese "Føreordet"
Rune Forlag, Trondheim 1971
Prenta av Nidaros Trykkeri
ISBN 82-523-0028-6

BERGSLIEN GJORDE RUNDKAST

Då Brynjulv Bergslien levde sine gutedagar heime på Voss, viste han
tidleg kunstnargivnader. På skulen vart han snart ein meister i å
teikna og spikka i tre. Han kunne med sikker hand forma ut og kopiera
kva det skulle vera.

Men så ein dag vart det oppdaga ein falsk dalarsetel på Vossevangen. Då
vart straks mistanken retta mot Bergslien, og han vart stemnd for
retten.

Dei kunne ikkje få noko på han, og han vart frikjend. Då Bergslien kom
ut frå Tingstova etter rettsaka, gjorde han eit rundkast og sa:

– No gjorde eg eit godt kast!

Då dei høyrde det, vart han kalla inn att og spurd kva han meinte med «eit godt kast». Då svarte han att:

– Ja, eg gjorde da nett no.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *