Internt referansenummer:B-000019
Kilde:
I MANNS MINNE
GAMAL VALDRES-KULTUR III
Av: Knut Hermundstad
NORSK FOLKEMINNELAG
OSLO 1944
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese om Svein i Ur'n

Berit i Skør'n, slæst med ein bjørn på Grokjinnfeto

(Svein i Ur'n talar um gamletidi)


På Frigstadstøle, Grokjinn, hadde dei ei underbudeie som heitte Berit i Skør'n. Ein dag ho gjætte dugurd, kom det farande to bjørnar gjennom buskapen. Den eine fór radt, men den andre drap ei kyr. Ho Berit stod inn ved, so nær at ho heldt i eine kyrøyra. Bjørnen fór på kyri og slo ho ned. Då han hadde rive ho upp i bringa, sputra han blod so fræsen stod beint på gjenta. Ho vart reint tulli. Ho kasta alt ho fann på bjørnen. Men ho tala um det sidan at det gjorde ikkje mein enn ho hadde kasta det på ein strudott.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.