Internt referansenummer:B-000020
Kilde:
GAMLETIDI TALER
GAMAL VALDRES-KULTUR I
Av: Knut Hermundstad
NORSK FOLKEMINNELAG
OSLO 1936
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese om den gongen eg snakka med Guri Grøv

Berit på Flate ser tvo huldrakvinnfolk

Hjå gamle Guri Grøv (f. 24. oktober 1843)


Har du høyrt kva ho Berit på Flate vart ute for på heimstølen sin? — Ja det lyt du få vita.

Ein vår låg Berit som vanleg på heimstølen. Ei natt fekk ho ikkje sova, og natti vart so lang. Som ho låg og vakte, kom det tvo kvinnfolk inn i selet. Ho kjende dei ikkje, og det var greitt at det måtte vera tvo haugakvinnfolk. Då ho hadde set litt på dei, vart ho stird på at dei hadde lang rove som hekk ned undå stakken. Kvinnfolki rusla ikring golvet ei god rid, snugga med noko burtved åren ogso, men vart so burte.

Dette hende i selet hans Knut nedi Bø. Selet vart trast etter flutt.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *