Kilde
GLYTT AV GODTFOLK
Einar Ullestad
Klikk her for å lese "Føreordet"
Rune Forlag, Trondheim 1971
Prenta av Nidaros Trykkeri
ISBN 82-523-0028-6

BERRE FOR EI STAKKARS RYPE

Ein sogning som budde på Voss, hadde ord på seg å vera noko av ein storskrytar. Han kunne til dømes ta til ord slik:

– Eg skal peine deg reinska tanngarden din, eg.

Sogningen var ein ivrig sportsfisker, og store ord let han falla når
han fortalde om fangsta si. Hunden, han Lord, var jamt med han når han
fiska. Dei tvo hjelptest åt med fisket. Hunden grov makk, og han sjølv
ongla og hivde uti:

– Eg fekk so mykje fisk so eg beint fram laut gøyma meg attom ein stein, let han.

Ikkje minder god var han som jaktar. Han fortalde om ein jakttur til
eit par ung-gutar. Det var 99 ryper han då hadde felt på ein jakt-tur.
Kona hans, som og lydde på samtalen, sa at han kunne vel seia 100 ryper, så var det eit greiare tal. Då svarde sogningen:

– Trur de at eg vil gjera meg til lygnar for ei stakkars rype.

– Du Sigurd so kan snakka tysk, du faor høyra om me ikkje snart faor
komma heim att. Kor lengje ska me vetta sitjande her, i detta helvete!

Den same læraren var også ein av dei som vart arresten våren 1942 og
send til Kirkenes. Då politiet kom og tok han, var det fyrste han sa
til dei:

– Å no midt i lembingje!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *