Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 120
Norsk Folkeminnelag
I kommisjon hjå H.Aschehoug & Co. (W. Nygaard) a/s
Oslo 1978

Jens Haukdal
FRAMFOR STENA
Folkeminne
Frå Gauldalsbygdene II
Med spesialtillatelse fra slektninger

Betalte 10,- kr. for å bli kvitt kvaksen

Karl Sand, ein gammal anleggskar, døydde i 1962. Han budde frå midt i 1930-åra på Enareløkkja, Snøan. Han fortalde at kvaksen aldri stakk han. Same kva han gjorde – om han reiv sund heile bolet så fekk han aldri eit stikk.

Dette hadde han frå ein gong i ungdomen da han var på eit anlegg i Boris Gleb.

Ein dag kom det ein finnlender luffande til anlegget. Det vart til at karen fekk arbeid, og med kvart kom det ut at han kunne noko av kvart. Han Karl var mykje plaga av å få kvaksestikk. Berre han gjekk framom eit kvaksebol så var dei etter han. Han hadde fått eit stikk same dagen og hadde hovna stygt av det.

Så møtte han finnlenderen.

–    ”Kan du hjelp meg så kvaksen alder meir stikk meg, så får du 10,- kr.” sa han Karl og tok fram 10,- kroningen. Det var mykje pengar det i dei åra.

–    ”Ja, var det ittnå verre enn det så,” sa finnlenderen i fullt alvor.

Karl la tiaren i handa til finnlenderen.

–    ”No kan du gå fri for han i all di tid,” sa finnlenderen.

Og etter den dagen stakk aldri kvaksen. Da han Karl fortalde dette låg han i ei reine og strauk opp ljåen sin. Like attmed hovudet hans var det eit stort kvaksebol der kvaksane for ut og inn, men dei stakk ikkje. Han Karl dreiv med sitt og kvaksane med sitt.

Det var da over 70 år sia finnlenderen batt kvaksen i Boris Gleb.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *