Internt referansenummer: B – 12.04.2016
Kilde:
LIV OG LAGNAD
FOLKEMINNE FRÅ SØR-ODAL
Av:MAGNE ALTROM
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 48
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG)
1942
Prenta hos Johansen & Nielsen — Oslo.
Klikk her for å lese ”Føreord”

 Bikkje-Finn heitte ein som fôr her eit tak…

 

Bikkje-Finn heitte ein som fôr her eit tak. Han var klok og betenkt og hadde svartboka i sekken. Ein gong spurde ein hå detta kvite skommet i graset var for slag. Jo, sa Bikkje-Finn, det er trollkjerringmøkk det, sa’n, – og når du tek det og legg det mellom to tynne steinheller, iså kommer trollkjerringa som har lagt det, farande.

Så var det ei tid etterpå at vi kom over ei slik kvit skomklyse nedi jordet, og ‘n Johan og jeg hadde hugen på å sjå om det var noe i dessa historiene hans Bikkje-Finn. Vi til å røyse ihop noen steiner åt varmen, og eit par flate heller fann vi au og gildra oppå, og vi hadde noe av detta spyet i mellom. Å jadden gut! — Da det lei på lite, kom det forsyne meg ei kjerring stikkende. Ho var enda nedafrå Anerudbakka, og ho var trollkjerring. Det var fleire som visste det.

(Edv. Torsrud)

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *