Internt referansenummer: Bok-05. april-2020
Kilde:
Skreppekarar og anna folk
Av: EINAR ULLESTAD
Illustrert av: OLAF HUSTVEDT
NOREGS BOKLAG
1962
Trykk og bind:
MARIENDALS BOKTRYKKERI A/S,
Gjøvik
Klikk her for å lese «Føreordet»

BJØLLELEIK

Illustrert av: OLAF HUSTVEDT

Bjølleleik høyrer ein ikkje stort til no lenger. Det er snart ein liten mannsalder sidan det tok slutt med denne «leiken». Når gutane i bygda kom under ver med ein som gjekk til ei jente i løynd, samlast dei kring huset og skrangla med bjøller eller blekk-spann med stein i. Det kunne vera so mange slag pretter dei kunne finna på. Sume stader bruka dei strøying, då strøydde dei sagflis på vegen mellom heimen åt jenta og guten.

Fyrste bjølleleiken eg har høyrt gjete var på garden Bryn på Voss i 1885. På det «gamle» Fleischers hotell hadde verten fenge greie på at det kom til å verta bjølleleik om kvelden. Han fekk bodsendt skjussgutane sine i ein fart, for dette var noko å by dei prominente gjestene; mellom dei var både engelske lordar og danske baronar.

Fleischers hotell

Då det leid på kvelden og dei høyrde skot, sette dei av stad med karjol ( trille) og stolkjerre. Det vart eit heilt opptog av denne kortesjen. I Bryna-gjelet tok hestane rast, og dei «fine» gjestene la i veg til fots oppetter bakkane. I Brynatunet var det leven utan like. Det var som ei oskeskreid for gjennom tunet. Det var ungdomar frå fleire grender, både gutar og jenter var med. Sume var utkledde, og fleire var godt på ein kant. Gjestene frå hotellet kom midt inn i denne bjølleleik-flokken. Korleis det sidan bar til, har eg ikkje høyrt, men turistane fekk visst kjenna bygdeskikkane på skinnet den natta. Det hende ofte dei salutterte når det var bjølleleik, helst straks føre leiken skulle gå laus. Det var oftast ein øvd skjotebas dei fekk til å skjota. For bjølleleiken på Bryn var det Steffa Haug frå grannegarden som var bas. Han var vide kjend som ein dugande murar og skjotebas.

På føresumaren i 1890 heldt dei stor bjølleleik på garden Ringheim, og den natta gjekk det gjetord om lenge. Eldre folk minnest enno denne bjølleleiken. Det var ei fin sundagsnatt, og ungdomane som var med kom frå fleire grender. Det vart ein stor flokk til sist, og alle hadde bjøller eller spann som dei skrangla med. Folk kunne høyra levenet lange vegar, og dei som budde på næraste gardane, fekk ikkje sova den natta. Det fortelst at ein ung-gut som var med og bjølla, gjekk so sterkt opp i «leiken» at han nærepå hadde fenge ein finger avgnegen av bjølleklaven han heldt i.

Kring hundreårsskiftet var det bjølleleik på ein gard i Borstranda. Medan det var som hardast, freista friaren å koma seg usedd bort frå garden. Men det gjekk ikkje. Nokre av bjøllarane vart vàr han. Dei sette etter han, nådde han att, tok han mellom seg og bar han attende til tuns og hadde han inn att til jenta. Der laut han då vera resten av natta, medan bjøllene skramla utanfor, og ein som var med i bjølleleiken, stod fram under stove-veggen og las opp eit slag ekteskaps-lysing.

Illustrert av: OLAF HUSTVEDT

Illustrert av: OLAF HUSTVEDT

Hadde no jenta fleire friarar, kunne det gå så vidt at friaren vart lyst «ned og nord» i staden for å verta lyst velkomen og til lukke.

Han Johan Åsen fortalde om ein bjølleleik han var med i på Oppheim for ein mannsalder sidan. Ungdomane hadde fenge tak i ein gamaldags dryftemaskin, som dei hadde fest ei rad med bjøller i og drog med seg. Ein av gutane sat oppå dryftemaskinen og snudde på vindabeinet. Då skrangla alle bjøllene samstundes. So var det ein som salutterte, og det så kraftig at glasrutene vart knuste av lufttrykket. Ei geit som gjekk ute om natta, trilla overende då fyrste smellen kom, ho gav seg til å skvera og mekra verre enn ilt var.

Johan hadde vore i mange bjølleleikar då han var ung, og det var det morosamste ungdomen visste på den tida, fortalde han.

I ein bjølleleik på Dyrvedalen hadde dei ein gong drege saman ei heil tylft med store koparkjelar som dei bar mellom seg og slo på med store kjeppar. Friaren, som var frå ein annan kant av bygda, hadde sykkelen sin ståande i tunet. Den tok dei og heiste opp i toppen av flaggstonga. Morgonen etter sat det vaktsame auge rundt om på næraste gardane for å få ein glytt av friaren når han skulle finna att sykkelen sin og koma seg heim att.

Då «gamle-lensmann» Mugaas i Evanger gjekk på friarføter etter han var vorten enkjemann, vart ungdomane samde om å bjølla for han ein laurdagskveld. Men lensmannen hadde fenge njosn om kva som var i emning. Då han såg dei koma smettande fram i bakkehallet under stova hans, gjekk han ut på troppa og ynskte dei velkomne, og gav dei ei flaske brennevin. Flaska vart vel motteken. Men bjølling vart det ikkje noko av den gongen.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *