Internt referansenummer: 16.11.10 – A
Kilde:
LIFJELL I FARNE TIDER
Ei kulturhistorisk bok i samband med 20 års jubileet for Lifjell grunneigarlag
Av: HALVOR SEM
LIFJELL GRUNNEIGARLAG HEDDAL 1983
ISBN 82-991086-0-8
Teledølens Boktrykkeri, Notodden
(Klikk her for å lese ”Forordet” skrevet av Reidar Skår)
(Klikk her for å lese ”Innleinga”  av Halvor Sem)

Bjønn på Myregvarv…

Segner og soger

Ei gamal kone fortel:

Bestemor gjette på stulen Myregvarv, under Himing. Ein dag kom bjønnen stufs på ho. Skrubben kan dei skrike på, han gjer ikkje noko av det, men bjønnen toler ikkje at dei skrik, og ho hadde skrike. Så stod bjønnen på to, på bakbeina imot bestemor. Da vart ho redd. Men så bad ho: Kjære vene, bestefar, ver snill og ens meg ikkje. Så stod han og lura litt, så snudde han, men kom imot ho att. Kyrne hadde teke ut, men ei ku stod att. Ho ville ikkje skilja selskap, flutte seg ikkje. Bestemor bad bjønnen fleire gonger og til sist snudde han seg og rusla ifrå ho. Du kan tru ho vart glad. Da fekk ho sjå at det er noko i det dei seier at bjønnen har 10 manns styrke og 12 manns vit.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *