Internt referansenummer: 09.02.2013 – A
Kilde:
FRÅ GAMLE DAGAR
FOLKEMINNE FRÅ SIGDAL OG EGGEDAL
Andreas Mørch
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 27
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG)
1932
Klikk her for å lese ”FØREORDET”

 

Bjørn Strand

 

«Det er synd at slike krefter er nedlagt i ein mann. Det skulde vøri deilt på minst to,» sa han Bjørn Strand. Han var sprek. Men så hadde far hans vøri borti stallen etter merra-mjølk og gjett gutten med’ han var liten.

I deilet mellom Strandbråtan og Liseter ligg et løft. Det er ein flat stein under. Oppå den ligg det ein rund stein. Det er løftet. Han er tung og ikkje god å få tak på. Men han Bjørn løfta han med lette. Det var mange som prøva steinen, ja døm fekk han så vidt opp frå den andre, men det var ikkje meir.

Han Bjørn var ung i den tida Nikkelverket gikk. Der var det mange slags følk. Det var fleire som var leie til å sløss. Nokon var reint farlege. Det var to brørar døm kalla Halvorsen. Det var dei verste.

Han Bjørn hadde frieriet sitt på Rolvstad. Ein gong vart han med i eit lag døm hadde i Ebbesberg-roa. Han Jon og han Eilert Andersen hadde fått heim fem pottar brennevin døm skulde ha drøkki opp. Der var ein tå dessan Halvorsen-karane med. Best døm satt der og rørte og drakk, tok han til å yppe sei. Han vilde ha gjett ‘n Bjørn juling. Han Bjørn satt på et bord uti kammerset. Der kom denna Halvorsen uti og tok’n om beina, like nedom knea, og drog’n tå bordet.

Da vart han Bjørn vill. Han tok karen og skuva han føre sei over gølvet. Da døm kom til dørstokken, bar det bakover med han så lang han var. Alle dei andre karane flaug ut. Det vart bare han Reiar Ebbesberg att inna. Han satt i vedroa og såg på. Da denna lange sløsskjempa vilde oppatt, fekk han tre toskar under øyra. Så vart han ti’i i hugu og enden og sett ned på hugu i vasshølken. Han kom sei oppatt. Og dermed tok han beint ut gjennom døra og vart borte. Da kom dei andre karane innatt. Han Bjørn var like roleg.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *