Internt referansenummer:B-000019
Kilde:
I MANNS MINNE
GAMAL VALDRES-KULTUR III
Av: Knut Hermundstad
NORSK FOLKEMINNELAG
OSLO 1944
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese om Andres Olson Grefsrud


Bjørnaham og trollham

(Hjå Andres Olson Grefsrud)


Ein gong vart ein bjørnaskyttar ute for noko stussleg. Bjørnen var skoten, og so skulde han til flå. Då kan det vel hende han vart ille ved! Etter kvart som han flådde, synte det seg at det var eit menneske under bjørnahamen. Bjørnen var eit meneske som det var kasta bjørnaham eller trollham på. Dei gamle sa at sume var slike at dei kunde kaste trollham på folk og fe. Når folk eller krøter ugjorde seg, sa dei jamt at det måtte vera nokon som hadde kasta trollham på dei.

Dersom nokon gjekk um eit dyr, skrepte tå det og strauk det, kunde det straks ugjera seg. Det var kan hende kasta trollham på det, sa dei.

Ein dag kom ein gråbein like ned i garden til Knut Røn. Han fata børsa og ut. Tre skot skaut han på gråbeinen, men alle tre klikka. Då skjente han at det var noko gale på ferde. So gjekk han nordum garden, reiv upp kniven sin og skar ei liti flis tå sylv-bringeringen sin og la denne i børsa. So skaut han att. Men no kabba ogso gråbeinen, trollhamen, han gjekk der!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.