Internt referansenummer: 24.06.09 – A
Kilde:
HALLINGDAL OG HALLINGEN
Av:Anders Mehlum
Utgjeve av Mehlums vener
VILLVOLL SKRIVESTUGGU, RØYSE, RINGERIKE 1943
Webergs Boktrykkeri A.s, Oslo
(Klikk her for å lese Forordet, som omhandler Anders Mehlum (med bilder))

Bjørnen fekk hjelp frå haugafolket…

Bjørnen ligg i ro um vinteren og haugafolket kjem til han med mjølkeringjor og blodringjor kvar dagen, elles kunde han vel ikkje leva, han heller, må tru.

Bjørnen er innholen, difor kan ein jamt ikkje sjå han. Dette er grunnen til at jegarar ikkje
allstøtt finn bjørnen, endå dei har fåret etter ‘n.

Bjornen har tolv manns styrkje og ti manns vet.

Bjornen veit, at dersom han kunde få tak i eit foster or mors liv, vilde han få evne til å svalle. Difor er han so sli etter fremmelege kjæringar. På ein støl vart ei kjæring som gjekk med barn ille ute. Bjørnen vilde plent inn i stølsbui til henne. Men kjæringi fekk stengd so godt att hurdi at han kom ikkje inn den vegen. Då kleiv bjørnen uppå taket og vilde ned gjenom ljoren. Men ljoren var for trong. Då tok bjørnen til å flette upp og rive av taket so han fekk ljoreholet større.

Dette tok til å sjå spøkje ut, men kjæringi var ikkje rådlaus: Ho batt never på ein lang stav, tende på og rak staven upp gjenom ljoreholet, slik at det straks fata i bjørnepelsen. Då brumma bjørnen og la på sprang.

Ein annan bjørn kom ein gong til støls i same erend. Kjæringi visste seg ingi annan råd enn å taka rummeambaren og leggja til sprangs med. Bjørnen sette etter. Men so tømde kjæringi ned rumme etter vegen og bjørnen tok til å sleikja i seg rumme, so fin kost hadde han nok ikkje smaka fyrr, og so kom kjæringi seg undan. Ho hengde stakken på ei buske ved vegen og sprang avgarde heim. Bjørnen gleinte burt på stakken og sleikte rumme, nam nam, dette smakte godt, og der stod no kjæringi, han hadde god tid, trudde han. Men då han hadde snugga i seg rummen og vilde ta kjæringi, var det jo berre stakken! Han var so sinna at han reiv upp buska med roti og sette til skogs.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *