Internt referansenummer: 30.11.2014 – BOK
Kilde:
Bjørn og varg i Selbu og Tydal
Utgitt av Selbu og Tydal Historielag
Illustrert av Kolbjørn Lien
I kommisjon hos F. Bruns Bokhandel Forlag
Trondheim 1963
Klikk her for å lese ”Forordet”
Klikk her for linking til Selbu og Tydal Historielag

 

Bjørnesoger frå Selbu

Ved Peder Sæther

 

Sigrid Solemsjari var seterdeie på Storvollen. Ho var sers halåg (uvøren) åt bjørnen. Ein dag kom han heilt inn i kuhopen åt henne. Ho hadde ein lang sveg (kvist) i handa og slo lau på bjørnen med den. Då rømte han sin veg.

Ei natt braut han bønnlåset frå fjøsdøra. I fjøset stod kyrne langs båe langveggene, og sauene var i midtgangen. Bjørnen var heilt innåt gluggen, fekk tak i ein sau og drog ut med han. Dei kunne sjå tydelege merke etter sauen i møkka innmed gluggen. Så måtte karane innover og lage nytt og sterkare bønnlås for døra.. Neste gong bjørnen kom, greidde han ikkje døra, men då gjekk han laus på taket. Han ville bryte seg ned der og få tak i sauene. Seterfolket for då ut og remja og skreik, så bjørnen fann det klokast å dra seg vekk.

Så kom karane innover og skulle jaga han vekk frå beitemarka. Dei tende opp ein stor varme for å skrema han endå lenger, og dei la til slutt på ein svær turr-eine. Då fræsa og spraka det riktig fælt. Men då sette bjørnen også i med et fælt ul oppe i hia straks ovafor dei. Då sa sjølmannen at seterfolka skulle vera med heim straks, når ikkje bjørnen var reddare etter all styren dei hadde ført.

Ola var gjætar i Venndalen ein sumar. Han hadde alltid hunden med seg. Ein dag kom krøtera rennande nedetter ein strupe inni, marka. Brått kom ein bjørn hoppande inn i hopen og tok storbuk-ken i gapet. Han beit over ryggen og bar han omlag som katten: ber ei mus. «Du må ta’n,» sa guten åt hunden. Hunden iveg ogr kasta seg oppå rova til bjørnen og gnall og reiv så hårdottane fauk. Bjørnen slepte bukken og skulle fri frå seg hunden. Men det gjekk ikkje så lett. Han måtte til slutt fire og dra seg attende. Men hunden fulgte. Bjørnen reiv opp småtre og kvister og hivde på hunden, men det hjelpte ingen ting. Det bar mot elva. Ho var djup der, og bjørnen vegra seg for å vassa uti, men hunden gav seg ikkje før bjørnen var på andre sida.

Hausten 1882 var det ein engelskmann som skaut ei binne med to unger innpå Hevillen. Det var dei siste bjørnane som let livet i Dragstmarka.

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *