Internt referansenummer: 26.05.09 – A
Kilde:
GAMALT FRAA NUMEDAL V.
Av:
TOV FLATIN
Les om Tov Flatin på www.wikipedia.no
Les om Tov Flatin på Store Norske Leksikon
KRISTIANIA OLAF NORLIS FORLAG 1923
PRENTA HJAA NIKOLAI OLSEN
Klikk her for å lese førerodet

Blaahus’n nord i Vegglid

Blaahus’n heitte ein husmann her nord i Vegglid. Han budde i ein plass under Brekke kallast Blaahus, og taadi hadde han namne. Han var slik, at han laga rimstubbar mest um alt han var fyre.

Det var ei gjente uppi Lidgrendi paa ein litin jordveg heitte Augunnsrud; ho var sjølveigar paa denna vesle jordvegen. Til henne drog han paa frieri, og sea vart han gift med ho. Naar han var full daa, so song han:

Hadde dæ inkje vøre før ‘o hadde den vesle jortørva,
so hadde e inkje vilja hatt den stygge slørva.

Han lika so brennvin, og var han rekti paa sving, so gjekk han berre og gvaala og let:

Tørva gjifta Slørva!

Eingong kom han ned til Bakke. Daa hadde han nye sko. So song han:

Dæ finns væl ingjin i heile Bakkegreine,
som eig slike støvla paa beine.

I joli fór han i gardane og snikte seg til nokre drammar her og der. Paa ein gard uppi her skjenkte mannen han, so han vart paa ein litin sving, for han totte moro i denna rimingi hans. Men noko fyll vilde han ikkje ha, og daa det leid paa, sa vilde han stela seg ifraa han. Detta skyna Blaahus’n, og so song han:

E be de, du biar,
Niri Gniar;
du ska kje ta te brette paa spælen,
om ‘n skulde gaa den trea pælen.
Ta hit enn pøtt,
so ska me ture gøtt!

So var det eingong, det var venteleg ut paa haustkanten, han hadde faatt paa ein heil donke med brennvin, og so drog han paa Kjemhus-haugen daa. Der samlast gjerne ungdomen i bygdi og hadde moro um helgekveldane, og der var so fullt av træir, for der kom driftine ned av fjelle, naar dei drog til bygd og byars um hausten, og daa var det alltid samla mykje folk der. Det var i driftetidi, Blaahus’n var der med donken sin. Sumtid so sat han paa donken, og sumtid so stod han og snudde seg til alle kantar og ropa:

No maa de koma alle mine goe vini,
anti de æ or Flesber ell Svini,
no har e faatt paa bempelen,
her sjaa de ekaempelen!

So kom det no folk med daa, ser du, og del tura og drakk heile notti. Men so hadde han vel vori fullnads stri tål tekje til seg sjølv daa, so tilslutt somna han, og dei, som hadde vori med han, drog sin veg.

Den næraste garden der er Ondegarden. Kjeringi der ho visste no um Blaahus’n og donken hans, og um morgonen so reiste ho burtpaa haugen, og der laag dei baae tvo. Ho lea paa donken og høyrde det skvankla att lite, som ho tappa paa ei flaske og tok med seg, for ho visste mest koss det vart. Eit bil etter kom Blaahus’n; daa hadde han vakna, og hukra og fraus gjorde han. Men ho hadde dram aa skjenkje honom og var til kjellars etter øl, og ho koka kaffi for han, og mat fekk han og var reint i godlag:

Du Ambjør, du Ambjør, du æ sakte kjering som e flink,
du har øl aa brennvin som pink,

sa han daa.

Eingong han hadde vori utetter dalen, eg veit inkje aa langt kan kunne vori, so kom han inn paa ein plass sonna Prestmoen heiter Bjorsaate. Der fekk han mat, og der laag han med notti. Daa han kom heimatt og fortalde um reisa si, so sa han:

E kom te Bjorsaate,
der drakk e, o der aat e,
o der laag e mæ notte;
men dæ va sakte folk som hadde raa te,
o Gud veit høss dæ konna naa te.

Dæ var eingong paa Glaim, der var det inne ein tinndøl eller det var ein haaværing, og so stelte dei til mat og drikke for han. Men so var det slik krikling med vestmennane, veit du. Um dei trong det aldri so væl, so sa dei, at det trongst inkje, og det gjorde denna vestmannen med. So sat han der Blaahus’n og høyrde paa detta, og so la han i med ei liti banne:

Du maa, naar du heyre mann be de,
før e ha vøre vestafør e mæ;
va ein gong like paa Raulannsstraande,
o e fekk da mat etter haande.

Eingong kom gamle smeden ovante grendi, og Blaahus’n kom nedantil, og so møttest dei paa brui nedan Sveinsrud.

”Haa har du vore naa?” spurde Blaahus’n.
”E kjem ifraa Bøle,” sa smeden.

”Aa har du vore i Bøle,
o smia for dæ du har støle,”

sa Blaahus’n.

Daa vart smeden vill og smelde til honom. Men det var no ikkje meiningi av Blaahus’n, at smeden stal – det var berre for aa faa rime, han kom med detta.

yr Klikk for værmelding for Rollag

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *