Internt referansenummer:B-000022
Kilde:
Segner – Gåter – Folketru Frå Nordmør
Av: Edvard Langset
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 61
OSLO 1948
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese en kort biografi om Edvard Langset

Blåfolkje. Govetrå. Huldrå.

De låg landlegå oppi Froå


Det va ein gong nokkå fiskara så låg landlegå (1) i oppi Froå (2). Ein kveld sat eit båtmannskap å spella kort. Å ein tå di karrå hette Per. Han va nå berre ungdommen. Å så kom det inn eit kvinnfolk om kvelden, da det lei på.

«E det nå'n så vil ha me tå dokkår ?» sie 'å.

Det va ikkje nån så svarra.

«E vil ha de», sie 'n Per.

Da strauk ho, ho.

Da ho va strokkja, da tok 'n Per te å bli så orolinn, å så bar det ut med honnå. Han Per kom bort, å 'n vart bort. Det gikk slik at dem laut få ti ein annann kar i stan hass på sjøn.

Dem syntest det va så rart, dettan der (3). Attpå att la dem merkje te di at det hengt fast konnbuskå atti styrlykkjånn lerras når dem kom oppsiglann tå sjøa (4).

Vinter'n gikk. Å det vart martna i Tronjæm attpå. Å da kom 'n Per å helsa på styrmann sin. (5)

«Nei, nei» sie styrmann, «ska e rett treff de, Per, her», sie 'n. Å så sie 'n det, han Per. «Ja, det ska du gjer», sa 'n.

«Kvar vart det rett tå de den kvelden vi sat å spella kort?», sie 'n.
«Jau (6), det ska du få vetta, min kjære Jakop», sa 'n. «E ha vorre berre flåsen (7), e. Å det fekk e nå befinn. E va te å svarra' na, ja, e.», sa 'n. «E bur utpå Ytter-Fronå, du», sa 'n.

«Øssa» (8), sa 'n Jakop, «e du rett der utpå ?» sa 'n.
«Det e ikkje så verst utpå der, det e nokså fint», sa 'n Per.
«E har alt det e treng», sa 'n. «Men e får ikkje nån gong (9) fritt», sa 'n, «anna hell kvar martnasdag i Tronjæm», sa 'n.

(Frei)

(1) Landlegå: de låg på land for styggver.
(2) Froå: Froan, fiskevær uti havet, nordaust for Frøya.
(3) Dettan der: det der. 
(4) «Å så gjor 'n bessfar'» seier forteljaren, «ei bemerkning der, at det e ei skjærjegrynne — ei grynne med skjær her å der, utafor Froånn. Å der va det ein underjordisk gard. Å derifrå kom vel konnbuskånn.
(5) «Styrmann sin», styrmann for det båtlaget som spela kort, den kvelden han Per kom vekk i Froan.
(6) Dei gamle i Straumsnesset sa ofte: Javv for Jau: Jo.
(7) ”En flås” en ubetenksom, lettsindig person, især ubetenksom i at tale (Aasen).
(8) øssa: uttrykk for at det er kaldt eller ufyseleg.
(9) nån gong: nokon gang.

Fortalt til Edvart Langset den 10. mai 1921, av postbærar og gardmann Knut Olson Einset, høyrt det av farfar sin, Ole Olson Einset.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *