Internt referansenummer:B-000022
Kilde:
Segner – Gåter – Folketru Frå Nordmør
Av: Edvard Langset
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 61
OSLO 1948
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese en kort biografi om Edvard Langset

Blåfolkje. Govetrå. Huldrå.

Det va ein gong ei kjerring så låg på barseng


Det va ein gong ei kjerring så låg på barseng. Mea va dem der i husa så redd for at dørinn å glasa skull komma opp. Dem va så redd di underjordisk skull komma inn å gjer nokkå gale. Dem ha ei tenesttaus. Ho va så liksel. Ho sett opp dørinn lell.

Så va det ein kveld at kjerringja låg borti sengjen, å så fekk 'å sjå eit trådnøst så kom rullann frå dør'n å bortåt sengjen. Bane, det låg ti ei traug attmed sengjen, så ha dem kniv attmed trauja å nål ti linnå, så ikkje nokkå styggmakt skull komma åt bana.

Da 'å fekk sjå det nøste, kjerringja, så ropa 'å:

«Ka e detta?» sa 'å.

Men straks ho peka på det, så for det ut att, nøste.

Kvelden ette att så fekk kjerringja sjå at han kom nedsigann så fint, skjå'n, så va driinn over ljorinn, å. ni honnå va det eitt ban, så høyrt di underjordisk te. Å det villa dem byt bort.

«Ka e detta så kjem der?», sa kjerringja. Så tok det te å dra se opp att.

Så vart kjerringja såpass ho sto opp att tå barsengjen. Så skull tenesttausa linn ungjinn ein morgå. Ho brydd se ikkje om å sett nål ti linninn, ho, å ikkje la 'å kniv attmed trauja, hell. Da ho ha lagt ned ungjinn, så gikk 'å ut å sett opp døra.

Med ho va ut, så va det ei underjordisk kjerring så skunda se inn å bytt ban med dem. Ei, stund ette att så fekk mora sjå at det va ikkje bane sitt. Det va så rart. Så spor 'å ei kjerring da, så skull kunna nokkå meir, te råds. Ho fortelt 'na at ho trudd at 'ta va ikkje bane sitt.

«Jau, det ska e sei de ei god råd lell færre» sa 'å, kjerringja. «Ta med ungjinn ut på kloppa di, å jul 'n døktig opp. Så lett 'n få liggja bortirnot ein time å skrik. Å visst det ikkje e ditt da, så kjem det innkvann å tek det, å da får du ditt att.» Så gjor 'å slik.

Da timen va mestå gått, så kom det ei kjerring leiann med ein ungje å slengt innpå golve åt 'na.

«Sjå her har du ungjinn din,» sa 'å. «E ha alder forre så støgt med ongå din e, så du ha gjort med min.»

Så tok 'å med se den ungjinn så låg utpå kloppen, å, strauk.

(Frei)

Fortalt til Edvart Langset den 4. april 1916 av Stine G. Leivdal, høyrt det av Ingebjørg A. Møst. Fødd og vaks opp i Havdal i Tingvoll.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *