Internt referansenummer:B-000022
Kilde:
Segner – Gåter – Folketru Frå Nordmør
Av: Edvard Langset
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 61
OSLO 1948
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese en kort biografi om Edvard Langset

Blåfolkje. Govetrå. Huldrå.

Det va ein gong ei vekje tå Bergjem…


Det va ein gong ei vekje tå Bergjem, e kjem ikkje i hau namne no, e trur det va ei tå gardmannsdøtrå der, så va på Johanseter'n (1) å ryddje. Så gikk 'å inn i den gammel gardsstuå, sommarstuå (2) å sett se i høysetbenkjen.

«Her e brura», sa 'å, «men kvar e brugommen?», sa 'å.

Å med det sommå så kom det ein blåklædd fyr å sett se ombreidd med 'na. Å ho kom se ikkje i frå 'nå. Å så mått dem i veg å hent ein (3), men e minnest ikkje no kvar han va frå, for å løys 'å i frå 'nå. 

(Kristiansund)

(1) Johanssetra har vore gard før. Men no var ho avlsgard under Bergjem.
(2) Sommarstuå: den gamle stua så folkje heldt te i den tia setra var gard. Ho var no bruka berre om sumaren.
(3) Truleg ein som hade svartboka.

Fortalt til Edvart Langset den 14. mai 1920 av Ales B. Vulvik, høyrt det av mor si, Guri Bergjem.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *