Internt referansenummer:B-000022
Kilde:
Segner – Gåter – Folketru Frå Nordmør
Av: Edvard Langset
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 61
OSLO 1948
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese en kort biografi om Edvard Langset

Blåfolkje. Govetrå. Huldrå.

Det va ein gong ein hestdreng…


Det va ein gong ein hestdreng så skull iveg å leit ette hestå i utmarkjen. Da 'n ha fårre å leita ei stund, å det lei på kvelden, så vart 'n så trøytt. Så tok'n trøyå si å la se på ein stein å somna ei lita stund. Så fekk 'n hør nokkå så spella så vakkert. Å så sto 'n opp å tok te å ga for å komma nerar. Te slutt fann 'n ut det at det va bortunne ein hammar. Så gikk 'n dit. Å da kom det ut så mykje folk. Da kom 'n te å tenkje på at di underjordisk ha bryllaup der.

Så kom dem bort åt 'nå å villa ha 'n te å ga inn. Men nei, det villa 'n ikkje; for han ha hørt det at gikk 'n inn, så ha dem makt te å hald 'n der, så 'n ikkje kom se ut att.

Men så kom dem ut med vin å mat åt 'nå på eit brett. Men ita nokkå det villa 'n ikkje. Så tok 'n fallkniven sin å stakk 'n borti maten. Å da råss det utover brette å vart te hestskit.

Så vart dem galen. Så sa dem det:

«For du fer åt slik med det vi har, så ska du få eit kjennemerkje, så du ska få ha all di ti».

Å da 'n snudd se å gikk ifrå dem, da knatt det ti di ein hela på 'nå. Å sia knatt det ti di hela allveg når 'n gikk.

(Frei)

Fortalt til Edvart Langset den 4. april 1916 av Stine G. Leivdal, høyrt det av Ingebjørg A. Møst. Fødd og vaks opp i Havdal i Tingvoll.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *