Internt referansenummer:B-000022
Kilde:
Segner – Gåter – Folketru Frå Nordmør
Av: Edvard Langset
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 61
OSLO 1948
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese en kort biografi om Edvard Langset

Blåfolkje. Govetrå. Huldrå.

Det va ein gong nokkå fiskara…


Det va ein gong nokkå fiskara så va med ein mann på Grip å skull driv skreia. Å så sa 'n det åt dem, mann i husa på Grip, at dem skull hald se still å roleg i husa om kveldann. Han trudd ikkje det va heldigt at dem heldt nå spetakkel hell nå slags sjau.

Ja, så tvilt dem på, 'sa karrann, at det mått varma nå underjordisk, si det skull varra så stilt. Å det va likså dem heldt se vak dem å, om det kunn varra nokkå. Han mann i husa sa det at dem kunn berre sovva trøgt, dem, på lofta. Han skull pass vere han, så gamlast va, å varsku dem om morgån når det va sjøver.

Så va det ein morgå dem sto opp; det va nokkå agasamt (1) ver. Dem åt å stella se, karrann så ha liggje på lofta, å mann gikk ut å inn å såg på vere. Men så sa kallen det åt dem at det vart visst ikkje sjøver idag, dem kunn berre legg se ned att. Men han villa varra vak, å vart det sjøver seinar på morgån, så skull 'n vekkje dem. No somna dem ikkje ,'sa karrann på lofta hell. Dem låg å hørt på det bles kring novinn på stuånn.

De dem ha liggje ei stund, så hørt dem det va nå så pikka på glasrutå ni stuånn. Så sto 'n opp, mann, tu sengjen ni stuånn å ropa at dem mått stat opp att no, «Han held visst på å spakna,» sa 'n. Så åt dem att, å i hu å hei bar det no på sjø'n. Vere va fint, å dem fekk berre otruleg med fisk å. Å da fekk dem greiå på det, fiskarann, at det va ein underjordisk fiskar så kom åt di manna å pikka på åt 'nå.

Å seinar om vinter'n hørt dem karrann, så låg på lofta, at 'n kom fleir gong å pikka på glase. Å di dagann vart det allveg fint sjøver. Å dem gjor det godt på fiskjånn den vin¬ter'n, sia dem ha ein slik ein te å hjelp se. 

(Frei)

(1) agasamt: utrygt ver.

Fortalt til Edvart Langset den 29.april 1919, av A. Kvalvik, høyrt det av gamle fiskarar på Frei-øyn.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *