Internt referansenummer:B-000022
Kilde:
Segner – Gåter – Folketru Frå Nordmør
Av: Edvard Langset
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 61
OSLO 1948
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese en kort biografi om Edvard Langset

Blåfolkje. Govetrå. Huldrå.

Det va ein mann så va oppi skoja…


Det va ein mann så va oppi skoja om dagann å hogd ved. Så va det ei trollkjerring så heldt te oppi 'sa skoja. Ho va så haua på 'na mann, sjer du. Så sa 'å det, kjerringja hass, ein morgå.

«Ska e komma med mat åt de i dag?» sa 'å.
«Nei, det e ikkje verdt det, e kjem tidlegar heim i dag. E bli vel ferdig te middags med det e held på med», sa 'n.

Da det lei nå på, å han va mestå ferdig, så fekk 'n sjå kjerringja si kom.

«Kjem du med mat lell» sa 'n, mann.

Han tokt det va kjerringja si. Ho ha lik eins kle så ho. Å slik såg 'å ut elles å.

«Ja, e fekk da slikt eit frammunnfolk i dag», sa 'å, «E tenkt e skull ga hit med ein betta graut åt de».

Så ha ho ein stor dall full med graut. Å det va berre så 'n flaut tå feit.

«Men e glømt tå skei», sa 'å. «Du får gjerra de ei skei. Du finn de vel eit trestykkje».
«Ja, det ska ikje bli faleg» sie han.

Men så vart 'n var det at ho sett se ned med det sommå ho kom. Å der 'å sett se, der vart 'å sittann. Så tenkt kallen med se at 'ta va nokkå  forunderleg rart. Han ha ikkje sett 'ta tå kjerringjen før.

«E ska tru om det ikkje e trollkjerring 'ta, så e ut», tenkt kallen, «Å e du trollkjerring, så ha du vel hestromp da. E får prøv å sjå ette». Så gikk 'n attafor 'å å tok te å smi se te ein blegg (1). Å mea han smia te 'na bleggjen, så vart 'n var at rompå kom gliann unna stakkja. Ho ha visst sett 'å fast for klent. Så tenkt 'n med se, «No ska e slå fast rompå di nå». Så låg det ein bjørkakomme attafor 'nå. Å så fekk 'n lite grann tå håra i rompånn 'na å la ni ei klåva i bjørkakommå. Så slog 'n bleggjen ni, å så sat rompa fast.

No e trollkjerringann så forferdeleg redd hesta. For hestann har romp dem å likså dem sjøl. Så sie mann:

«Ha du sett nokkå (2) te hestå i dag» sie 'n.
Å med di for 'å opp å nedover berre så det dundra ti jorden. Han hørt berre skrekkje tå 'nå, for bjøkakomminn slo på leg¬gjinn 'na. Å så trilla romgrautdallen ette. For ha 'å fått 'n te å ete tå rømgrauta sin, så ha 'å fanga 'n. Si 'n ikkje gjor det, slapp 'n fri 'na. Å alder meir såg 'n 'å att sia.

(Frei)

(1) blegg: bløyg, kile.
(2) dei segjer i Straumsnesse både: ”nokka” og ”nå” i dette høvet.

Fortalt til Edvart Langset den 8. april 1916, av gjenta Amalie Pedersen, um lag 30 år, som ha høyrt det av bestemor si, Lisbet Flatsetøy. Ho var i ungdommen i Straumsnesset.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *