Internt referansenummer:B-000022
Kilde:
Segner – Gåter – Folketru Frå Nordmør
Av: Edvard Langset
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 61
OSLO 1948
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese en kort biografi om Edvard Langset


Blåfolkje. Govetrå. Huldrå.

E va gjætargut på Grøtå…

 

Da e va ein ti ellev år på lag, va e gjætargut på Grøtå. Kårkonnå der heitte Marit. Ho trudd så på di underjordisk. Ho bruka å slå kniva inni fjøsveggjen oppfor dør’n om julaftaskveldann, straks før det vart mørkt. Det va stål i knivå, å da kom ikkje di underjordisk inn i fjøse å skadd kjyn ‘na.

«Du får legg åv slikt, bessmor» sa ‘n Lars (*1). «Det e da berre løgn slikt», sa ‘n. Så lura ‘n se iveg ein julaftaskveld å tok ei øks å slo åv knivann. Men da ho va i veg å mjøka sia om julkvelden, vart ‘å var at knivann va åvslegne.

«Det va nokko å, ‘ta, at ikkje knivann skull få stat te fress», sa ‘å. «Men endann på knivå e inni stokkja, å da kan ikkje di underjordisk gjer kjynå vår nå, lell», sa ‘å.

(Åsskard)

 
Fortalt til Edvard Langset den 25.juni 1920 av gardmann Ola Toreson Grøtann.

(*1) Han Lars vart sidan gardmann på Grøtå.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.