Internt referansenummer:B-000022
Kilde:
Segner – Gåter – Folketru Frå Nordmør
Av: Edvard Langset
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 61
OSLO 1948
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese en kort biografi om Edvard Langset

Blåfolkje. Govetrå. Huldrå.

Han for å leita ette bjønna…


Det va ein gong ein skyttar så for å leita ette bjønna. Om kveldann gikk’n inn på ei seter å la se. Allveg når 'n la se der, så kom det to underjordisk kvinnfolk å tok te å gjer spetakkel å gikk bort åt 'nå. Da vart 'n var det ein kveld at den ein tå dem va så ohyre fin. Så vart 'n så haua på 'å. Så gikk 'n å tenkt på det om dagann korleis han skull farra åt å få ti 'na vekja så 'n tøkt så godt om.

Så kom 'n på det at 'n skull ta fallkniven sin å kast over 'å. Så gjor 'n det ein kveld. Å da vart det slik at den ein reist, å den anner vart attsittann på ein stol attmed 'nå.

Så kom dem, foreldra 'na. Da sa dem det, dem, at si 'n ha gjort det slik no, så skull 'n få 'å, villa 'n varra god med 'na. Å fattast nå — det skull 'n alder gjerra.

Så tok 'n 'å med se heim da, å tok te å laga te te bryllaups med ein gong. Men så vart 'n var det ein dag at ho ha ei hestromp. Å det vart 'n så misnøygd med. Å så sa 'n det åt henna så sauma bryllaupskjolinn, at 'å skull saum brurakjolinn døktig sid, så ikkje rompa sto unna.

Men den da'n da brumøssa va, å han leidd 'å fram gjønnå kjerkja, så kom rompå å villa utapå, så det vart visann kva folk ho va tå. Å utapå va rompå heile bryllaupe. Men sia kom 'å vekk, å han vart så reint godt fornoygd med 'na. Rik vart dem nå. Å sølv å gull ha dem. 

(Frei)

Fortalt til Edvart Langset den 4. april 1916, av Stine G. Leivdal som ha høyrt det av mor si, Lina Leivdal.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *