Internt referansenummer:B-000022
Kilde:
Segner – Gåter – Folketru Frå Nordmør
Av: Edvard Langset
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 61
OSLO 1948
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese en kort biografi om Edvard Langset

Blåfolkje. Govetrå. Huldrå.

Han Gammel-Anners Ei


Det va ein gong han Gammel-Anners Ei (Eide) va ut å kjørt (1). Det va om vinter'n, å Ro-vatne va ført (2). Å no va 'n komminn midt for Bjerkan.

Best det va han kjørt, så fekk 'n i skymingjen sjå tri hesta kom kjørann tu Ro-berja (3) å hitover isen på vatna. Det va fullt tå små blåfolk på lasså, både karra å kvinnfolk. Så datt det tå ein tå sleå.

Så sa 'n det, han så datt tå.

«Hvorhen? hvorhen?»
«Høkjen å Knøkjen, gifta me te bestefar», ropa ein, å så kjort dem sin veg.

Dem ha ikkje tia te å vent å ta opp han så dat tå. Han fekk prøv å ha se ette sjøl.

Brugommen, trudd forteljaren, mått varra tu Ro-berja. Å så skull 'n uti Knøkjen (4) å gift se. Der va bessfar hass. Å han skull gjerra bryllaup for 'nå. 

(Frei)

(1) Dette her hende for på lag hundre år sidan. (Rundt 1820)
(2) ført: farbart.
(3) Ro-berje er in høg, stygg, bratt hammar utmed Rovatne. Det er eit stort hol i bergje ein stad, å derifrå kom vel ”di små blå”.
(4) Knøkjen er ein stor, bratt hammar ute på ”Hemn-skoja”, godt ei mail frå Roberget.

Fortalt til Edvart Langset den 14. juli 1923 av Gardmann Anders Jonson Lillelid, 65 år, høyrt det av far sin, Jo Lillelid.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *