Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 120
Norsk Folkeminnelag
I kommisjon hjå H.Aschehoug & Co. (W. Nygaard) a/s
Oslo 1978

Jens Haukdal
FRAMFOR STENA
Folkeminne
Frå Gauldalsbygdene II
Med spesialtillatelse fra slektninger

Blåkledd skapnad over vegen

Ein mann frå Støren skulle til Solumsgrenda i Soknedal og slakta julegrisen. Snøen var komen og veret var fint.

Han gjekk den gamle vegen opp Hustøftbakkane. I vegkanten ikkje langt frå Hovsløkken, sto det ei gammal høyløe attmed ein bekk. Det er eit grindsle der attmed løa. Da mannen var 20-30 meter unna løa fikk han sjå ein liten blåkledd skapnad koma krabbande ut av løesholet. Småkallen hadde raud topphuve på seg med dusk som hang langt nedetter ryggen. Det var synbart at det var ein tusse av godt gammalt slag som var ute på morgontur.

Han gjekk over vegen og vart borte i skogen på andre sia. Mannen leita etter far i snøen, men snøen var ikkje rørt frå løeholet og ned på veggen. Heller ikkje var det merke etter fot på andre sia av vegen. Det var grytidleg morgon, men likevel så ljost at mannen ikkje kunne missjå seg.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *