Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 120
Norsk Folkeminnelag
I kommisjon hjå H.Aschehoug & Co. (W. Nygaard) a/s
Oslo 1978

Jens Haukdal
FRAMFOR STENA
Folkeminne
Frå Gauldalsbygdene II
Med spesialtillatelse fra slektninger

Blyanten vart borte

Ein kar i Galåen ved Røros var dugande snekkar. Han levde i 1880-åra. På benken attmed seg hadde han ein gul blyant som han sette merke med. Og brått var blyanten søkkt borte. Mannen leita på benken, i høvvelsponen på golvet og i lommene, men ingen blyant var å finna.

Han måtte finna seg ein ny og tenkte ikkje meir på den gule stubben som vart borte.

Dagen etter skulle han ta til med arbeidet att. Da låg blyanten på benken der han meinte at han skulle liggja dagen før. Det va non tå ti ander som hadde lånt n’ tå mi sju, sa han.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *