Internt referansenummer: 28.04.09 – A
Kilde:
GAMMAL GRUNN Folkeminne frå Land
NORSK FOLKEMINNE BAND I
Av: Ragnvald Mo
NOREGS BOKLAG 1976
Klikk her for å lese føreordet

Bogerud

Bogerud i Hallingdal hørte til ei gardsamling som ein familie åtte.

I 1522 var det haldi skifte i Hallingdal av ein som heitte Einride.

Døtrene hans som heitte Ragnhild og Sigrid, var da bortgifte i Hallingdal. Den eine til Rotheim, den andre til Skattebøl.

Eldste sonen til Einride heitte Lodvin. Han fikk eigedomen dei hadde i Valdres og Skjellungen i Land. Yngste sonen heitte Einride. Han fikk alt dei åtte av garden Tomle (N. Land). Det andre som låg til garden, var gitt til bispestolen. Noe av garden skulle visst vere gitt til Maria-kjerka i Oslo.

Einride måtte svare avgift av heile garden, også det som kjerka åtte. Han budde på Tomle. Utanom det han fikk av denne garden var gardane Baggerud, Esbjug og Ulshus med i arveparten hans.

(Etter notat av Eivind A. Madsstuen, N. Land).

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *