Internt referansenummer:B-000019
Kilde:
I MANNS MINNE
GAMAL VALDRES-KULTUR III
Av: Knut Hermundstad
NORSK FOLKEMINNELAG
OSLO 1944
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese om Andres Olson Grefsrud


Bøndene fór til «byen», Branes og Lærdal

med vare og etter vare


(Hjå Andres Olson Grefsrud)


Um våren eller um sumaren i mellonn fór bøndene til Lærdal. Sume fór dit um hausten. Men helst bar det avstad når dei hadde flytt på stølen. Då fór bøndene her frå Slidre og frå Aurdal um Grunke. Dei brukte då kløv. Serleg var det mange aurdøler som tok denne leidi. Um nettene låg dei helst i løor. Grunke var i gamal tid ein gastgjevargard. Aurdølene kom over Flyosen, langs Kjølen og so ned til Grunke. So bar det gjennom Hydalen, etter Vabuleine og til Bjøbergo og so til Lærdal. Ofte laut han far ogso fara den leidi etter litt grjøn.

Øyrekarane (d. e. dei som fór til og frå Lærdalsøyre) fór ofte både dag og natt. Dei sov litt når dei kvilde. Når det bar på heimvegen, hadde dei grjønet på ei side av kløvi og eit kvartil slid på hi og ei turrfiskvåg upp-i-myljo meisane. Eg hugsar han far køyrde ei slik kløv denne fjellvegen ikr. 1870.

Då Lars Larsen Grunke styrde, var det svær manndom i Grunke. Det var i fleire leder at mannen heitte Lars. Grunkefolket hadde upptil 20 naut og mykje småkrøter. Ho Guri Grunke var godsleg og tok mot alle. Ferdafolk fekk liggje der og kvile  godt ut. Dei hadde nok av kveer til å ha hestar og fe på. Han Lars Larsen Grunke åtte heile Nøre Grunke. Hadde ho Guri mjøl, kokte ho ofte ein rjomegraut. Hadde ho ikkje det, tok ho søtfløyte og den geitosten ho hadde ysta um dagen, og karva han i eit fat og slo søtfløyta over og sette dette fram åt ferdafolket. Sjølve hadde dei det ofte so trongt at dei henta brødmose på haugane, luta han ut og laga til krummor eller baka litt brød av han. Grjønet laut dei bera på ryggen heimafrå Slidre eller føre det frå Lærdalsøyri.

Grunke-folket var tå siste folket her i bygdi som levde tå fugl og fisk attåt dei stridde, tralla og fødde nokre krøter. Mange tå Grunke-folket fór til Amerika. Eg hugsar at den siste Larsen fór. Han Einar, yngste sonen hans, kom på bygdi.

Mor hans Einar, ho Guri, hadde tre følmarar. Ein gong hadde øykjene deira fare nord i Vabakkadn. Då kasta eine merri følet. Då gret ho Guri og sa:

«Hadde mø no fått ha de te hauste o hatt de te Lærdal, so hadde mø fått oss ei tynne kødn!»

Då det vart veg etter dalen, vart det mest slutt med å fara fjellvegen um Grunke.

På Øyr'n gav dei ei par mark kvartillet for sildi. Det var i harde tider dei fekk korn frå Lærdal. Det hende at Valdres-bøndene fekk Lærdals-bøndene til å ha inn lo tå åkrane. So treskte dei, so valdrisane fekk med seg ei tunne korn heim. Bøndene her i bygdi laut hjelpe til husmennene so dei fekk sått, og soleis let dei ofte frå seg meir korn enn dei hadde råd med. Og so måtte dei sjølve kjøpe korn frå Lærdal i staden.

Vossingane var ofte svære til møte upp på Lærdal. Dei vilde gjerne handle seg hest. Ofte hadde Valdres-bøndene med seg unghestar og eit lite føl som dangla med. Dei fekk ei tunne korn for følet med. Det var viss takst at det var fem dalar for ei tunne korn på Lærdal når det var hardt jag etter det.

I den eldste tidi fór alle bøndene her frå bygdi til Branes og selde bondevara si. Då eg var smågut, sa gamlekarane:

«De e reint slutt me å fara te Branes no!»

Det var til «byen» dei fór då. Med det meinte dei Kristiania eller Oslo, som me seier no. Når bøndene i Slidre hadde fått ale seg til noko selja, tala dei med kvarandre og vart samde um kva tid dei skulde fara til byen med det. Dei fór ofte til marknads tid, 1. tysdag i februar. Då hadde dei med seg til sals skinn, smør, ost, rakfisk, talg, geitebrim, gamalost, kokost og flesk. Dei pakka det i sekker og striebleior. So sette dei alt dette i botnen på bysleden, og ovapå la dei fôr.

Bysledane var smale i gongen og lettgjorde. Dei var ikkje fullt so breie som ein høyslede. So hadde dei kar framma og bak. Det var kjerra dei kalla den heilvaksne kroken som låg midt på sleden og uppatt midt i framkaret. Jamsides kjerra var det to tunntelgde fjøler. Rett over meiane låg remmidn. So var det vegmeja utafor remmene. På båe sidone av sleden var det falskjio (tjukk l!). Dei var telgde til so dei var tunne og lette, høgdi tre-fire tumar breie og snautt so lange som sleden. I båe endane var dei fint avrunda. Dei var litt bøygde og naturleg innhola i endane. Eit stykke innpå i kvar ende var det eit hol med ei vio i som feste den eine falskia til den andre. Det var gjerne tre slike falskior på kvar side av sleden, so dei laga liksom to grindar. Den nedste falskia på kvar side var festa med eit par gode speningar til vegmeien.

Han far fylgde ofte Ulva til byen. (D. e. mannen frå garden Ulve.) Ein Ola i Ø-isplasse var ofte med. Ein gong hadde Ola ale ein vårgris, som han slakta ut på vinteren. Han pynta han fint inn i eit laken. Denne vilde han ha med seg. Ulvin sa då:

«Dette e 'kji noko ha me se, de! E ha slakta ein svær gris, e!»

Ulvin hadde med seg ein gris som var eit par vintrar og fylte heile sleden. So fór karane.

Då dei kom på torget i Kristiania, og hadde stade der til kvelds, laut dei få seg husrom. Det var lett. Kjøpmennene stod i kring dei og veifta og sa:

«Kjør inn i gard'n min!» eller: «Kom inn i gard'n her!»

Alle kjøpmennene som handla med bøndene, hadde bygt seg upp bondestogo. Der kosta det ikkje noko å bu. Speltog var det åt hestane. I ei slik bondestogo tok ogso far, Ulvin og Ø-isplassen inn.

Med grisene gjekk det slik at då bykjøpmennene fekk sjå grisen åt Plassa, vilde alle ha han. Men Ulvin heldt på ikkje fekk sett sin. Dei hadde nok vit på at det er finaste flesket på småe grisen. Men på landet trudde dei i gamal tid at slikt flesk mest ikkje var etande. Dette hende ein gong i 1850-åri. Spekeflesket tok dei då 12 skilling morki for.

Alle her frå Røn som fór til byen, hadde gjerne med seg eit par sekker søte, som dei hadde plukka i Bakli'n, med dei låg på stolen um sumaren. Søta brukte dei den tidi til medisin både for folk og krøter. No kjøper dei slikt frå utlandet. Det var fire mark bismarpundet dei fekk i byen for søta. So betalde me 12 skilling bismarpundet for køyringi. Hadde nokre ungar vore flinke til å grava søte, hadde dei snart tent 2-3 dalar for mellonnvekone dei var på stølen. Dei laut ta søta litt før jonsok, um ho skulde vera god. Dei hakka ho upp med grev. So vart ho turka. Det måtte ikkje koma regn på ho. Dei laga seg til hjellar inne i løoskute ta rajo eller staur. Det var på desse dei turka søta. Var det godt ver, vart søta godt turr ut på hausten. Ho vart heimkøyrd på vinterforet. Til byen vart ho frakta i posar og sekker.

Når lasset var lest, og nistekista pakka, og mjølkeflaska pårend, laut det eit par karar til å ta nistekista og setja ho bort på sleden. Dei hadde med seg til niste flesk, kjøt og kurv, alt speke. So hadde dei med firkanta skreppelefsor, smør og gamalost. Dei laut ha vel med lefse, for det var vanleg at dei gav ei halv eller ei heil lefse med flesk eller smør på for losementa.

Gamle Ola Føssei var ofte i byen med budrått, og so kjøpte han med seg heimatt kvernsteinar og anna han trong. Saman med han var ofte Nils i Reinun, ein tå plassemennene undå Føssei. No gav Føssei'n fin ost og brød for losementa, slik som det høvde Føssei-mannen, som sat på største garden i bygdi. Men so vilde han Nils heller ikkje vera klendre kar. Då vart vertskona undren og sa:

«E 'kji du husmann frå Vallers? Du har då to hesta o svær neste?»
«Ja, ha du 'kji høyrt gjete at Føssei-hustnennadn o prestehusmennadn i Slire leva so gødt so dei beste bønda her ut på bygdo?» svara han Nils. Han var noko skrøyten, skjønar me.

I byen kjøpte dei salt, jarn og eit ankar brennevin. Då fekk dei gjere ei flaske brennevin attpå til ferda-brennevin. Ofte skjenkte dei då dei som dei kvilde hjå.

Til byen hadde dei ofte med seg garn, som dei skulde få leta, eg vevar som dei skulde få leta og persa. I byen fekk dei gjerne kjøpt med seg noko salt. Det var billeg, tre mark tunna. Køyringi frå byen var 12 skilling bismarpundet.

Eg hugsar han far hadde med seg til byen ei tinflaske med skruving på. Denne kjøpte han mett med sirup. Og so kjøpte han med seg eit rugbrod. Dette trakterte han oss med. Han skar av tunne skivor tå rugbrodet og rende på sirup. Og då var det stas!

Sume hadde kjøpt med seg frå byen eit skålepund kandissukker og eit skålepund kaffi. Dette vart akta eit år. Nesten alle bøndene vilde ha noko kandis frå byen. Ein får aldri so godt kandissukker no som i 50-60-åri.

Desse byferdene gjorde bøndene billeg. Fôr og niste hadde dei med. Og husromet gav dei mat for. Eg høyrde ein gong han far og Ola Ulve tala um det ei jol kor mykje det hadde øydelagt på ei byferd. Han Per Ø-e var ogso med det. Då sa Ulvin:

«E øyela ei mark på ture, e då!»

Det totte han var mykje.

Dei som var så dumme at del sudda (d. e. fylte seg og drakk), skamfraus ofte. Når dei tok inn brennevin, meinte dei at dei stod seg godt mot kulden. Men når fylli gjekk tå dei, gjekk dei reint åt.

Lassekøyrarane var gjerne væpna med ein uksepeis. Ofte hade lassekøyrarane med seg hundane sine. Dei låg på lasset um natti og passa det. Kom stride gardshundar og tok på lassekøyrarane, so brukte dei uksepeisen på dei. Det var gjerne ei 6-10 byfararar i fylgjet, og då var det ikkje lett for vonde folk å ta på dei.

Her heime fekk dei i den gamle tidi 6-8 mark bismarpundet for smøret. So var det tre mark og upptil ein dalar for eit geiteskinn. Dette var i 1850-60. Men um ei tid vart skinni so billege at dei gjorde dei upp til sengklede og andre klede. Sonen til Reia på Fere selde mest ikkje eit skinn. Han gjorde alt upp til sko og klede.

Etter 1870-åri vart det meir og meir slutt med å fara til Kristiania. Dei fór berre til Gjøvik. Her tok dei inn til Falk og Skattum.

Nei, det var ikkje greitt å få tak i varor i gamal tid! Var det eit bryllaup, ei likferd eller eit arma lag dei skulde halde, laut dei jamnast til byen etter sume varor. Stundom kunde dei vera for framtenkte. Soleis hadde ein bonde ei livaurskjerring som vart so sjuk. Han trudde so visst at ho skulde ryke til. So laga han seg til og drog fil byen etter gravølsmat. Han leigde ei til å passe livaurskjerringi so lenge. Då han kom att, gjekk ho som hadde passa ut.

«Kost står de te her då?» spurde mannen.
«Å, jan takk, no e de skjele mykjy here!» sa passaren.
«Ja, kråna ho Kirsti no, so gjer ho me eit fantepek!» svara mannen.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.