Kilde:
Namdal Historielag (link til hjemmeside)
Årbok for Namdalen 1968 side 91
Skriftstyrar: P. Jæger-Leirvik
Av Olav Bjerken

Bongsjøan

I folks tankar og omtale hadde Bongsjøfjellet ei eiga evne til å setje fantasien i sving, særleg før i tida, da det ikkje var så mange ting som fengde.

Det var ikkje så sjeldan at ein høyrde folk tala om å busetje seg fast der inne. Særleg var det dei, som ikkje hadde fast eigedom og heller ikkje var så godt rusta med annen medel som prata om dette, og talde kvarandre i trua. Til slutt kom det på trykk i Namsos-avisene. Så måtte Landbruksselskapet gjera noko, og sende ein funksjonær innover for å sjå på tilhøva. Men han gav inga von om busetjing. Der var berre blaut myr. Det var tryggare å slå seg til frami bygda.

Men det har vore ein fastbuande ved Bongsjøan – Johan Valskrå. Han var skogdrivar da staten dreiv der inne for om lag hundre år sidan. Han budde i ei skogstue i lag med kona si, ho Adrianne. Sidan flytta dei ut til Djupbukta. Det er fortald at han fora til ei ku der inne og hadde potetåker.

Under siste storkrig tok Kristen Eidmo frå Overhalla bustad på nordsida av sundet mellom øvre og midtre Bongsjø i ein nedlagt seter. Her budde han i lag med kona Kari og sonen Johan Martin. Dei hadde også nokre husdyr, geiter og ein og annan oksen.

Ellers var det seterbruk som var det vissaste måten å nytte ut dette fjellet på. Og mange var det som hadde seter ved Bongsjøan. Ved øvre Bongsjø var det særleg ved øystre enden at dei samla seg med setrar på den store vollen. Der var Jøremsetran, under Kristen-garden. Så var det Bjørkasetran, som vart brukt av dei i Bjørken i lag med eigaren av Pe-garden på Jørem. Dei hadde sams eldhus men kvar si mastu. Denne sto på nordenden av eldhuset. Lengst sør på vollen stod ei seter som høyrde til Ludvik-garden på Øye, Øysletta. Lenger utved sjøen, på sørsida, låg ei seter som høyrde til Renset på Snåsa, i dagleg tale kalla ”Såsetran”. Her var det så vidt rov etter hus første gongen eg var der ute… Lengst ute ved øvre Bongsjø låg Øyemsetran. Han låg eit stykke frå sjøen, eller Sundet som sjøen vart kalla her. Her hadde i kvart fall to gardar på Øyheim beiterett lenger vest i fjellet. Ikkje langt frå midtre Bongsjø låg Moasetran, som høyrde til Lestesmoen på Øysletta. Lengst vest låg Lestessetran. Her var også oppsett ei jakthytte, Vakkerhytta, eit etter måten sort anlegg.   

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *