Kilde:
FOLKEMINNE FRÅ YTRE SENJA
Arthur Brox
Illustrert av Karl Erik Harr
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 117
UNIVERSITETSFORLAGET 1976
ISBN 82-00-27130-7

Bortefôring

Det hende av og til at folk måtte sette bort eit dyr, enten på grunn av fôrmangel eller fordi dei ikkje hadde fjøsplass.

«I det såkalte storfloåret først i 1880-åra mista far min fjøset, og dessutan naustet, skjåen og bua. Vi måtte bortefôre dyra den vinteren. Han som fôrte kua over vinteren, fekk melka og kalven som vederlag for full fôring. Det var den vanlege skikken. Dersom eigaren la til halve fôret, fekk han halve avdrotten av kua.

For full bortefôring av sau, fekk «verten» både lamma og ulla av dyret det året. Skikken var den at hadde sauen ull når du fekk han til fôrings om hausten, skaffa du han igjen med ull. Var han naken, skaffa du han igjen naken.»
(Hilbert Hansen)

«Når ho mor «drog unna» ei geit frå vår til haust, skulle eigaren av geita ha ei våg ost. Ho mor fekk ei krone for kvar geit ho drog unna, og dessutan den osten som måtte bli til overs over våga. Det hende at ho mor måtte ut med eien ost for å få våga full. Dessutan måtte vi ungar gjete geitene og leite ved til ystinga!»
(Hanna Hansen)

I de tilfeller at det ikke er noen stedsangivelse i historiene, legger vi ut historiene i alle kommunene som dekker Senja, det vil si: Berg, Torsken, Tranøy og Lenvik.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *