Kilde:
FOLKEMINNE FRÅ YTRE SENJA
Arthur Brox
Illustrert av Karl Erik Harr
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 117
UNIVERSITETSFORLAGET 1976
ISBN 82-00-27130-7

Bortfarkost

Bortfarkosten til eit Lofot- eller Finnmarks-fiske som varte i tre månader, skulle etter gammal tradisjon vere:

1 storbotn flatbrød (120 leivar),
12 stumpbrød,
1/2-1 sau spekekjøtt,
12 mark smør.

Slik var utrustinga til bortferd på fiske kring 1850. Kring 1900 var bortfarkosten stort sett den same, men no kunne dei dessutan ha 40-50 smurte lefser og litt ost eller gomme med i kostkista.
(Arne Hermansen)

Til bortfarkosten under seifisket om våren og sommaren hørte også ein velfylt syrekagge. Syra brukte del til byggmelsuppe (syrsuppe), og dei laga seg også «bleng» til drikke av surmelk og vatn.

Kvinnfolka i Ytre Malangen brukte å fare til Hekkinga og selje surmelk til fiskarane.
(Stenette Haugland)   


I de tilfeller at det ikke er noen stedsangivelse i historiene, legger jeg ut historiene i alle kommunene som dekker Senja, det vil si: Berg, Torsken, Tranøy og Lenvik.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *