Internt referansenummer: 27.03.2009 – A
Kilde:
SOGNE-STUBBAR
Ragnar Kvamme
Teikningar av Odd Børretzen
EGET FORLAG
OSLO 1962
”Til minne om mor og far som båe sette stor pris på ei god soge.”
Klikk her for å lese ”Forord”

Bråk ikkje

sogne-stubbar_-_braak_ikke_039

Kva han heitte meir enn Anders, var det få og ingen som hugsa lenger. Alle stader var han kjend under navnet Søte-Anders. Han var kramkar og drog frå gard til gard. Truleg derav namnet.

Om det ikkje alltid var så mykje handel, så var han likevel ein kjerkomen gjest, av den grunn at han kunne fortelja mykje nytt. Det kunne vera om ein fering som var til salgs ein plass, eller ein, folunge. ja, litt sladder kunne han vel og fortelja.

Så kom han eingong til Dyrdal med ein sekk smågriser. Han for oppetter dalen. Då han i kveldinga kom fram til ein gard, synte det seg at to av smågrisene ikkje hadde klart transporten. Varsamt tok Søte-Anders dei ut av sekken og la dei ned ved omnen.

Ein mann som var inne, tykte at smågrisene var så underleg stille, men skymt som det var (dei hadde nok ikkje elektrisk ljos den gongen) kunne han ikke sikkert sjå kva som var i vegen.

Likevel sa han:

«Eg trur grisene dine Søte-Anders er daue.»
«Hyss» sa Søte-Anders alvorsamt. «Dei berre søv. Bråk ikkje.»

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *