Kilde:
Frå eit langt liv – Folkeminne, segn og soge
Per Aarviknes
HELSINGSKRIFT
Utg. Av Volda Bygdeboknemnd
1975
Aarflots Prenteverk – ”Møre” 6101 Volda
Klikk her for å lese ”Føreordet”.
Klikk her for å lese ”Helsing frå ordførar S. H. Halkjelsvik”


Brauta-Jo

Brauta-Jo var med i slaget ved Berg. Dei bruka det so at nokre lødde og nokre skaut. Brauta-Jo var ein av dei som skaut. Dei låg attanfor ein steingard, og dei hadde lagt huvene sine oppå garden so svenskane skulle tru der var mange nordmenner. Brauta-Jo såg ein slik fin offiser og skulle ta han på kornet.

Han sikta og skaut og hukte seg snøgt ned for steingarden. Men so fekk han lyst å sjå kor det gjekk. Men sidekameraten åtvara han, at han ikkje skulle sjå opp. Men Jon reiste seg likevel og såg. «Jau, hårre de, han fekk det,» sa han. Med same kom det ei kule og trefte han i brystet.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *