Internt referansenummer:B-000015
Kilde:
Etter gamalt
Folkeminne frå Gudbrandsdalen IV
Av: Edvard Grimstad
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 83
OSLO 1959
Sverre Kildahls Boktrykkeri
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese ”Etterskrift”

Bre'e-garden


På solsia synnafor Ny-Sambu — Nord-Fron — blir det um vinteren ei ofseleg stor sveilkule uppi li'n i ei dokk. Denne kula ligg slik til at sole ikkje kjem til der før seint på dagen, og ho heldt seg lenge utover våren. På Bre'e såg på denne kula når Øyangsvatnet var ope, så dei kunde burti der og fiske. Ho er kalla Jukulkula, og når ho er burte, er isen gåen.

Det var ei dame på Bre'e som fekk Øyangsvatnet av ein høgtståande embetsmann fordi ho var god mot 'om. Det var slik at slike karar tok inn der på Bre'e når dei for etter dalen. Heile bygde har fått namn etter denne garden.

Når på Bre'e var burti Øyangsvatnet på fisking, var dei ute med fleire kløvøykjer, og dei tok gjerne ei tynne fisk på natten. Når dei da kløvja heimatt, hadde dei lausøykjer, så dei kunde skifte på øykjom å bera kløv. Det var ein drug tur, så det tok dagar å gjera ei slik ferd.

Seinare har Bre'e selt vatnet. Det var ei låk tid, og det vart ikkje så mykje for det den gongen.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.