Internt referansenummer: 28.11.10 – A
Kilde:
MUSIKK-KORPSENE I NORGE
Under redaksjon av Einar M. Wie og Petro Erichsen
(Formann og forretningsfører i Norges Landsforbund av Gutte- og Amatørmusikk-korps)
SCALA FORLAG – OSLO 1956
Klikk her for å lese ”Forordet” i boka og for å se bilder av redaktørene.
Klikk her for å komme til Norges Musikkorps Forbund (NMF) sin nettside.

Breim Hornmusikklag, Breim

Breim_Hornmusikklag-Breim
Fotograf ukjent.
Første rekke fra venstre: Asbjørn E. Bogstad, Alv Skinlo, dirigent, harar Almeaning, Kristen Råd, Martines M. Vik, Kåre Bakke.
Annen rekke fra venstre: Bernhard Hole, Anton Jordanger, Kjell Råd, Jon Sårheim, Gustav Kvile.
Tredje rekke fra venstre: Alfred Kvile, Peder P. Reed, Olav Reed, Bernt S krøppa.

Etter innkalling av Jon Sårheim, vart det, på føresumaren 1945, halde eit møte om skiping av eit hornmusikklag. Gustav Kvile, som tidlegare hadde vore med i hornmusikk, gjorde greie for kva for instrument som måtte til.

Det vart vedteke å senda innsamlingslister rundt i krinsen. Interessa for saka var stor, så det kom inn mykje pengar, både frå private og institusjonar, og det vart lovt meir pengehjelp så snart laget kom i gang. Skipingsmøte vart halde 9. september 1945, og laget fekk dette styre: Formann Gustav Kvile, Jon Sårheim, Hans Ravnestad og Peder P. Reed. Styret si oppgåva vart nå å skaffa tilveges instrument. Dette synte seg å vera uråd. Det kunne ikkje skaffast korkje nye eller brukte instrument hjå nokon av dei mange musikkhandlarar ein vende seg til.

Sumaren 1946 kom det på tale å røkja etter om det kunne skaffast instrumenter frå U. S. A., på ein rimeleg måte. Sekretæren vende seg då til sambyg¬dingen Ole Ant. Flølo, i New York. Trass i at han var mykje oppteken, tok han på seg oppgåva. Etter ein del brevskifte vart det tinga instrumenter, som han fekk sende fraktfritt til Bergen. Der fekk ein verdfull hjelp av musikkløytnant Jakob Fjelde, han fekk instrumenta fortolla og vidaresende hertil. Frå eit tidlegare musikklag hadde ein nokre gamle trompetar, skarp- og stortromme, så øvinga kunne nå ta til med 15 deltakarar.

Lærar og organist, Arne Hunskår, gav opplæring i notar, og hjelpte elles til både som instruktør og dirigent, så langt han kunne avsjå tid. Det meste av instruksjonsarbeidet, i den første tida, fall likevel på Gustav Kvile.

Laget opptredde første gong 17. mai 1947. Seinare har det delteke i underholdningsprogram på ungdoms-, idretts-, bondefester og liknande tilskipingar, skipa til konsertar og delteke i musikkstemnor.

Dei fleste av dei medlemene som var med ved starten er framleis aktive. Rekrutteringa av nye krefter har vore mindre bra, så det er for få unge med. Ein vonar likevel at laget kan haldast gåande, og med noverande, unge og energiske dirigent, lærar Almenning, meiner ein at laget kan sjå framtida ljost i møte, og kan fylle sin plass i bygda sitt kulturelle liv.

Styret er no: Formann Anton Jordanger, Gustav Kvile, Kollfinn Lothe og Peder P. Reed. Laget har nå 18 medlemer. øvingslokale har ein, omlag heile tida, hatt i ungdomshuset «Breimshallen». Ein har fått skift ut alle dei eldre instrument, så meste alle no er i god stand.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *